Hausten 2017 dukka ei samling karikaturteikningar opp på Aalesunds Museum etter å ha vore sakna i femti år. Meister for teikningane er Knud Ekroll, kunstmålar og teiknelærar. Samlinga inneheldt 126 nummer/blad (ofte med fleire teikningar under kvart nummer), men eitt nummer, 23, blei fjerna før 1964 og ein teikneserie er forsvunne etter 1967, då eg såg han første gangen.

I seg sjølv er det fantastisk at ei slik samling frå Ålesund, frå før og etter brannen, er kome til rettes. Så vidt kjent er ingen av dei publiserte før i år, dei første i kronikken min «Kven tente på Ålesundsbrannen?» i Sunnmørsposten 20. januar. Fleire blei publiserte i avisa i ein reportasje 23. januar.

Bakgrunn

Knud Edvard Ekroll kom til verda i Ålesund i 1864. Faren var førstelærar Knud Olaus Ekroll og mora Barbro Marie Geist. Knud var einebarn.

Knud var av ei ætt frå Skodje som etter kvart omfatta lærarar, klokkarar, lensmenn, juristar, legar og kjøpmenn under namna Ekroll og Stafseth. I Ålesund og Borgund hadde Knud tre søskenbarn, alle vellukka kjøpmenn, Peter Didrikson Stafseth og brørne hans.

Foreldra til Knud eigde hus i Kippervika, der dei hadde losji for gutar som gjekk på Latinskolen.

Utdanning

Knud gjekk på Latinskolen og tok examen artium i 1883. Kva han gjorde i dei følgande åra er ukjent, men det er sannsynleg at han tok utdanning som kunstmålar, ein tittel han støtt brukte. Det pussige er at vi berre kjenner eitt oljemåleri av han.

Teiknaren Roar Hagen karakteriserer Ekroll slik: «Dette er ein klassisk og dyktig teiknar».

Karakter

I femtiårsskriftet for studentane frå 1883 heiter det om Ekroll: «Han skildres som en begavet kunstner, men hans store beskjedenhet holdt ham hele tiden i bakgrunnen, og han kom ikke til å stille ut noget. Hans karikaturtegninger var tildels ypperlige. Til Kristian Bugges «Aalesunds historie» (1923) har han levert tegninger og karter.»

Ekroll døyde 12. juni 1923. Han hadde då i mange år levert stoff til Sunnmøre Historielag sitt tidsskrift.

Det er ingen grunn til å tvile på at han var blyg. Vi har ikkje fotografi av han som vaksen. I 1918 var han hos fotograf Sponland og fekk kopiert nokre fotografi, eitt av faren og eitt av ein ung gut, helst han sjølv, eitt av eit yngre barn og eitt av, mest truleg, mora.

Arbeid

Bybrannteikningane: Teikneserien

Ein del av samlinga gjeld brannen i Ålesund. Først dreier det seg om ein serie på 4–5 ruter som viser korleis kjøpmann Peter Thomas Sandborg fortvilar over bøkene og så tilkallar Nicolai Birkevold for å be han sette fyr på Aalesund Preserving. Sandborg reiser så inn til garden sin på Devold i Romsdalen. Eit par dagar etter tenner Birkevold på fabrikken.

Teikneserien såg eg i 1967, og eg har leita etter han lenge. Då Ekrollsamlinga omsider dukka opp i fjor var serien vekke.

Bybrannteikningane: Dei konspirative

Av teikningane som enno finst er det endå nokre som peikar ut Sandborg som bybrannstiftar, men fleire gir inntrykk av at Sandborg ikkje var aleine om brannstiftinga. Han er avbilda i lag med byen sine fremste autoritetar, byfut, ordførar og stadsingeniør (som samtidig var brannsjef).

Det er råd å forstå Ekroll sitt engasjement på bakgrunn av at han, etter alt å døme, tapte huset sitt under brannen og ikkje hadde råd til å gjenoppbygge det. I 1900 var han huseigar, i 1910 leigebuar.

Bybrannteikningane som kjelder

Teikneserien gir att berre det som var kjent: Eit rykte om at Sandborg hadde hyra inn Birkevold for å sette fyr på Aalesund Preserving. Opphavet til ryktet var Birkevold, som hadde sagt at han hadde fått 30 kroner i handpengar og at han skulle få 500 kroner når udåden var gjort. I forliksrådet sa han seg lei for dette. Der enda saka. Men ikkje for Sandborg, for sidan blei han kalla Brandborg, og føretaket, kanskje det største handelshuset i byen, gjekk drukken ikkje lenge etter.

Overordna spørsmål

Ekroll formidla ryktet om at Sandborg var skuld i bybrannen. Han var snautt sjølv opphav til ryktet, som vart formelt avsanna. Men, for å seie det banalt, ingen røyk utan eld. For kven hadde sett ut ryktet? Birkevold? Men kva for interesse kunne han, ein fallert kjøpmann ha av å gjere dét?

Så er det dette: Sandborg var berre éin av fire aksjonærar i Aalesund Preserving; dei andre var bokhandlar, jurist, stortingsmann og ordførar Johannes Aarflot, kjøpmann Peder Julius Sandvig og fru Hanna Olsen (søster av Sandvig).

Berre Sandborg, ikkje dei andre, blei skulda for å ha sett fyr på fabrikken (som i tillegg ikkje var i økonomiske vanskar). Korfor ikkje?

Korfor gjorde ryktet Sandborg aleine skuldig? Det er her saka blir interessant. Og dette har ingen ting med Ekroll sine teikningar å gjere. Når ryktet kunne vekse seg stort hadde det også samanheng med at ei av Sandborg sine sjøbuer i Verpingsvika tok til å brenne ikkje lenge etter at fabrikken i Skutvika, over to kilometer unna, stod i fyr. Dersom dette var sant, var det jo eit enkelt reknestykke ...

Ein konspirasjon?

Ekroll formidla ein teori om at Sandborg og bystyresmaktene var skuldig i brannen. Teorien heng i lause lufta. Han er, i beste fall, ein bitter mann sitt forsøk på å forklare det som hadde hendt.

Det som er interessant, er at ryktet om Sandborg kan ha vore planta via Birkevold, av folk som ville skade Sandborg. Det må vere lov å spørje om dette kan ha hendt. Dette var utgangspunktet for kronikken min «Kven tente på Ålesundsbrannen?» Sandborg blei utpeikt som syndebukk, og fekk all skulda, og det mektige handelshuset gjekk snart til grunnes. Kanskje til stor glede for resten av borgarskapet i Ålesund.

Bjørn Jonson DaleÅlesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Bjørn Jonson Dale Foto: Staale Wattø