For ein utkantinnbyggar betyr vanlegvis ei slik reform nok ei sentralisering. Men i det siste har temperaturen i debatten tydeleg stige til nye høgder og skapt frontar som innbyggjarane ikkje er særleg godt tent med, ei heller har så stor forståing for.

No har vi eit felles ansvar for å få fjordlandskapet på rett kurs. Norddal står fast ved at det ikkje lenger er snakk om kommunesamanslåing, og er urimeleg steile i forhold til å lytte til sine eigne innbyggarar, medan Stranda på si side har vorte reine «vinglepetter» og er i ferd med å stenge døra for godt.

Som innbyggar i Geiranger og i Stranda kommune så skulle eg ønske at kommunepolitikarane i Norddal og Stranda sette seg tilbake rundt eit noko større forhandlingsbord, gjerne saman med Stordal og eventuelt andre relevante naboar.

Når vi no ser dimensjonane på den nye store Ålesund kommune, så må dette påverke korleis den endelege kommunestrukturen må sjå ut på Indre Sunnmøre. Eg klarer dessverre ikkje å sjå at ei kommune på om lag 2.600 innbyggjarar vil vere berekraftig på noko lengre sikt. Det vil truleg både bli kostbart og svært krevjande. Ein kan gjerne trekkje fram kortsiktige gevinstar og auke i kommunens inntekter, men desse vil truleg forsvinne fort når ein går inn i reelle forhandlingar med ei storkommune.

Dersom fylkesmannen og departement skulle velje å støtte innbyggjarinitiativet frå Eidsdal og Norddal, så risikerer kommunen å misse nesten alt areal knytt til verdsarvstatusen. Er ein bevisst denne risikoen?

På den andre sida meiner redaktøren i Sunnmøringen at Stranda kommune er meir skikka til å ta hand om Geiranger dei neste åra. Om det skal stemme, så må kommunepolitikarane og hamnestyret verkeleg vise dette i praksis gjennom å prioritere store investeringar til verdsarvbygda i åra som kjem – for det treng Geiranger.

Er fjorden verkeleg ein så stor terskel i ei FJORD kommune? Det vil i så fall representere eit stort paradoks.

Eg utfordrar verdsarvkommunane til å gå saman og la fjordane bli det store mogelegheitsrommet.

Ei slik stor kommune vil by på dei vakraste fjordane i landet, eit verdsarvlandskap med internasjonal verneverdi, små og sjarmerande fjordsamfunn, unike landskapsformer, verdifullt kulturlandskap, godt bevarte fjordgardar, matproduksjon- og industri, småskala landbruk, eit helse- og ski-mekka og nasjonale reiselivsikon.

Skap ei innovativ og moderne kommune som tar mål av seg å bevise at kommunereformer ikkje treng å bety fråflytting og sentralisering.

Bygg ei kommune med nytenkande, desentraliserte tenester til innbyggjarane. Arbeid konkret for å få på plass nye heilårlege ferdselsårer på fjordane – kva med ein miljøvennleg hurtigbåt/ferje i fast heilårleg rute frå Ålesund–Geiranger med stopp i dei ulike bygdene? Tenk for eit fantastisk tilbod til innbyggjarane og for ei spektakulær oppleving for turistane–som no kjem på besøk heile året!

Styrk bandet mellom kraftsenteret Ålesund og dei mindre fjordbygdene, så vil reiselivet kunne bygge fleire heilårlege opplevingsprodukt. Dette aleine kan vere med på å skape fleire heilårlege arbeidsplassar og levedyktige fjordsamfunn i vekst.

Bygg ei storkommune som har kraft nok til å gå i reelle forhandlingar med storebror Ålesund og som er berekraftig over tid. Skap ei kommune det er verdt å flytte TIL–ikkje FRÅ, for vi treng FOLKET med oss, ikkje mot oss. Lytt til folket og ta godt vare på deira engasjement – for det er avgjerande i små fjordsamfunn! Ver rause med kvarandre og skap ei berekraftig verdsarvkommune.

Moglegheit: Katrin Blomvik utfordrar verdsarvkommunane til å gå saman og la fjordane bli eit mogelegheitsrom. Foto: Elisabeth Solvang. Foto: Elisabeth Solvang