Fagmiljøa har lenge vore uroa over manglande satsing på utdanning av lærarar i kulturfag. Stortinget ber no regjeringa sikre at alle med bachelor i praktisk-estetiske fag skal kvalifisere for opptak på PPU (praktisk-pedagogisk utdanning).

Regjeringa har tidlegare foreslått å gje unntak frå masterkravet for kandidatar med bachelorutdanning i desse faga, men har seinare tatt til orde for at dette berre skal gjelde eit fåtal av kandidatane. Det var SV som tok initiativ til vedtaket i samband med behandling av ei sak om den praktiske skulesekken.

Er SV imot kompetanse?

Betyr dette at SV ikkje vil ha kompetente lærarar i skulen? Sjølvsagt ikkje. SV står heilhjarta bak kompetanseløftet. Når det gjeld praktisk-estetiske fag, er situasjonen i dag at det er vanskeleg å skaffe lærarar med kompetanse. Ein slit med rekruttering og låg prioritet, både i dei ordinære lærarutdanningane og i tilboda om etter- og vidareutdanning.

Ei kartlegging gjort av Statistisk sentralbyrå i 2014 viste at 36 prosent av lærarane i kunst og handverk, 45 prosent av lærarane i mat og helse, 40 prosent av lærarane i kroppsøving og 34 prosent av lærarane i musikk ikkje oppfylte kompetansekrava på ungdomstrinnet. Mange som underviser i desse faga har altså ingen formell kompetanse. For å vege opp mot dette, trengst det fleire faglærarar.

God distriktspolitikk

For å bøte på dette har fleire lærestader, mellom anna Høgskulen i Volda (HVO), utvikla gode, skuleretta bachelortilbod med 180 studiepoeng i dei einskilde faga. Å endre kravet for opptak til PPU i tråd med regjeringa sitt ønskje, ville bety at berre nokre få av dei om lag 20 høgskulane og universiteta som tilbyr mellom 50 og 100 bachelorutdanningar i praktisk-estetiske fag, ville kunne halde fram med dette. Det gjeld musikk- og kunsthøgskulane, som ligg i Oslo og Bergen.

Med bakgrunn i forskinga til Kåre Heggen med fleire, som viser kor mykje eit desentralisert utdanningssystem betyr for regional rekruttering, ville dette bety enno større vanskar med å skaffe kvalifiserte fagfolk innanfor praktisk-estetiske fag til skular, kulturskular med meir ute i distrikta.

Kvifor er dette så viktig?

Vi treng fleire kompetente lærarar i praktisk-estetiske fag. Det er viktig i seg sjølv, men også ein føresetnad for den skulen SV vil ha: ein skule som er meir praktisk og variert, med vekt på å stimulere dei kreative evnene til elevane.

På eit seminar om Musikk i skulen ved HVO nyleg, meinte både musikarduoen Fliflet/Hamre og komponisten Magnar Åm at kunst- og kulturfaga er dei verkelege basisfaga. «Dagens skule er bygd for behova i opplysningstida», meinte Ole Hamre. Den er altfor rigid, og heng ikkje saman med livet. I livet heng alt saman med alt. Musikk og andre estetiske fag må integrerast betre i undervisninga.

Førebygge dyre mobbekampanjar?

Etter ei improvisasjonsøkt på seminaret meinte Magnar Åm at kvar skuledag burde starte slik. Å spele saman er ein sosial måte å tenkje på, det skaper fellesskap. Kanskje kunne dette førebygge dyre antimobbekampanjar? Og kanskje kan det bidra til eit betre samfunn med mindre spisse albogar, der det ikkje berre er det som løner seg i kroner og øre som vert verdsett?

Aud Folkestad, dekan ved avdeling for kulturfag, nemnde både debatten om songskatten og omgrepet Future skills (dugleik for framtida) då ho argumenterte for verdien av kulturfaga. Framtida vil stille krav til evne til å kommunisere, stille nye spørsmål og finne nye svar, utvikle nye idear og løysingar, og utnytte teknologien i vår teneste.

Samstundes lever vi i eit nyttefokusert samfunn, der ikkje minst politikarar spør etter nytteverdi. Skal vi bruke dei «harde» argumenta kan kunst- og kulturfag utvikle innovative og skapande evner, noko både samfunns- og næringsliv spør etter. Helse og integrering er andre stikkord. I tillegg er norsk musikk er ei stor «vare» for eksport!

Satsing på kulturfag

Skal det satsast på kulturfag, må skulestyresmakter, skuleeigarar, skuleleiing og lærarar ha ønskje og vilje til å satse på dette. Også Kunnskapsdepartementet gjev uttrykk for at vi treng fagfolk som kan kome med kreative løysingar på komplekse problemstillingar, og som kan samarbeide på tvers av faglege, kulturelle og nasjonale grenser.

Skal dette lukkast treng vi fagmiljø med kompetanse innanfor kreativ metode, og evne til å leggje til rette for skapande verksemd. Det er lærarar med slik kompetanse ein no stod i fare for å misse.

Bachelorgradene ved HVO gjev høve til praktisk utøving både innan teater, biletkunst og musikk, i tillegg til tverrkunstnarleg utøving. Svært mange med utdanning i praktisk-estetiske fag går ut i kommunane i delte stillingar. Dette inneber at både skule, kulturskule og SFO kan få godt kvalifiserte lærarar innanfor fleire kunstfelt.

Vinn-vinn

Stortingsvedtaket betyr at viktige fagmiljø i universitets- og høgskulesektoren kan haldast oppe, og at det vert utdanna lærarar på felt som for ofte blir overlatne til ukvalifiserte.

Desse representerer ein fagkompetanse etter tre-fem års fagutdanning som, saman med påbygging i PPU, vil vere av stor verdi i skulen. Det er viktigare å få lærarar med formell kompetanse, både fagleg og pedagogisk, enn at alle skal ha master. Vedtaket betyr også mykje for HVO og miljøet ved avdeling for kulturfag, som har arbeidd hardt for å bygge opp desse utdanningane. Og ikkje minst betyr det at elevane i grunnskulen får gode tilbod i kulturfag, i tillegg til dei tradisjonelle basisfaga norsk, matematikk og engelsk.

Ingrid Opedal er leiar av Volda SV.