Fjord, fjell og ferjer har vore flaggmerke på Sunnmøre, men rutebussen høyrer også med til dette landskapet.

Fargen på bussen var med å skaffe identitet til bygda ein kom frå. Bussane skulle ha ulike fargar. Då ruta frå Åndalsnes til Ålesund skifta fargar til blå og grå, måtte Skodjeruta skifte til blå og gul.

Gassgenerator

På grunn av rasjonering av bensin og anna drivstoff under 2. verdskrig, vart vedgass brukt som erstatning i forbrenningsmotorar i bilar, bussar, lastebilar og traktorar.

Yteevna til bussmotorane vart dårlegare med knott. Når bussane var overfylte og sleit i motbakke, måtte passasjerane gå eller skyve bussen. Vegane var ikkje berre flate, men hadde fleire bakketoppar enn i dag. Arnold Weiberg-Aurdal skriv at på bussruta frå Sykkylven til Stranda kunne passasjerar verte plassert på taket.

Det gjekk heldigvis eit varmerør i dørken på bussen som var kopla til eksosrøyret, slik at det kom varme i bussen for dei som fekk sitjeplass. Passasjerar kunne også slite med bilsjuke. I nokre bussar fanst det røykesalong bak i bussen.

Bussjåføren

Bussen og sjåføren er i hovudsak rutebilselskapa sitt andlet overfor omverda. Bussjåførar vart opplevd som eit menneske som ein var i familie med.

I tidlegare tider var det ikkje så enkelt å kome seg til handelsmannen. Bussjåføren var god å ty til og bussjåføren kjøpte både spikar, matvarer og apotekvarer.

Folk har blitt meir oppjaga og rutetidene er veldig knappe mellom anna på grunn av ferjeavgangar. Det var ikkje enkelt å vere bussjåfør i snøkave og djupe telehiv.

Granbar og busker vart brukt for å forsere dei verste partia. Ein rutebileigar skreiv ein gong: «Rutebilsjåføren må klare alt mellom himmel og jord, og han må vere verdens mest elastiske menneske».

Arbeidsdagen til ein rutebilsjåfør kunne bli svært lang sidan bussen skulle klargjerast til neste dag.

Rutebilstasjonen

I 1932 vart truleg Norge sin fyrste rutebilstasjon opna i Ålesund på Storneskaia, der frakt med både båtar, bussar og lastebilar kunne samordnast. Møre og Romsdal har vore det nest største rutebil fylke etter Hordaland, så det var bruk for ein rutebilstasjon.

I 1949 fekk rutebilstasjonen ei endå større rolle då det vart sett inn buss på strekninga Ålesund- Åndalsnes. Det var hard konkurranse blant rutebileigarane om sjåførar.

Det var også ein kamp om å kapre passasjerar og ta vare på konsesjonen. Det var ikkje berre passasjerar som vart frakta, men også stykkgods og matvarer.

I 1961 var det bygd ny rutebilstasjon i Ålesund.

Turbilkøyring

Bussar i rutetrafikk vart kalla rutebil eller rutebuss. Mellom 1947 og 1972 hadde alle norske bussar som gjekk i fast trafikk på konsesjonspliktige ruter kjenneteiknet «rutevogn».

Turistbussar og andre bussar som gjekk i leigetrafikk eller charter, hadde kjennemerke med underteksta «turvogn». Etter kvart kom også skulebussar og eigne vareruter.

I hefte om rutebilstasjonen i Ålesund gitt ut i 1982 står det at etter kvart som bussparken vaks og dei klarte å avvikle rutetrafikken i rute, vart det arrangert foreiningsturar, turbilkøyring og selskapsreiser.

Busskøyring til Vaksvikfjellet og Ørskogfjellet om vinteren var avhengig av vêret, men opptil 25 bussar kunne verte sende ut. I 1961 vart Sportskapellet i Vaksvik bygd og mange reiste dit, sidan der var middagsservering.

På Sportskapellet fekk ein også kjøpe seg «Høibergs brus» frå Ålesund mineralvannfabrikk.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.

Busshistorier frå Sunnmøre

Det er mange historier å fortelje om busslivet frå Sunnmøre. Det er fortalt om ei dame som steig om bord i bussen til Larsnes frå Hareid.

Dama sa: «Kva tid går denne geitefjøsen her då?»

Bussjåføren sa: «Bussen går når siste geita kjem inn».

Ein sjåfør på Larsnes-ruta sa at no kjem vi til Leikong, medan vegen vidare til venstre går til Hongkong (Jøsøk).

Det fanst lenge ikkje toalett på turbussane og derfor har fleire sjåførar måtte stoppe bussen og sagt: «Damene på venstre side og mennene på høgre side».

Bilane

Den 1. oktober 1960 vart bilsalet frigitt i Norge. Før det måtte ein ha køyreløyve eller hard valuta. Det rulla 220 000 privatbilar i 1960.

I 1972 var talet kome opp i 846 000 bilar. Massebilismen førte til meir vegnett, bilverkstadar, bensinstasjonar og parkeringsplassar.

Avstand mellom bustad og arbeid betydde ikkje lenger så mykje.

Bussane fekk stor konkurranse av bilane og dei fekk mindre plass i det samla transportbilete.

Frå midten av 1970-talet vart dei fleste bilrutene avhengig av offentleg tilskot.

Veteranbusstreff i Ulsteinvik

Det vert arrangert treff for veteranbussar i Ulsteinvik i pinsehelga 2018. Rutebilhistorisk Foreining avdeling Sunnmøre står for det landsdekkande veteranbusstreffet.

Der vert det mellom anna ei fotoutstilling med historikk frå rutebilbransjen på Sunnmøre. I Norge har det eksistert over 1000 rutebilselskap og nær 300 karosserifabrikkar.

Dei aller fleste av desse er i dag historie. Det er flott at nokon teke vare på den kulturhistoria som bussane har vore.

Ottar NevstadSkodje

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet