Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kom i fjor med ei lita forteljing til høgskulane i Noreg: Mange høgskular må bli større for å bli betre. Det var kvalitet som skulle vere styrande. Von dess. No har høgskulane på Nordvestlandet ikkje oppført seg slik Isaksen hadde planlagt. Høgskulane eller dei tilsette har med eitt unntak sagt at dei helst ønskjer å halde fram som sjølvstendige høgskular.

Kvalitet

Kunnskapsministeren er ikkje nøgd med svaret. – Høgskulane må nok tenkje annleis, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Kva betyr det å tenkje annleis?

Høgskolen i Stord Haugesund ville også helst halde fram som sjølvstendig høgskule, men dei tenkte raskt annleis. Etter å ha fått ei «formaning» frå statsråden innleia dei fusjonssamtalar med Universitetet i Stavanger. Vil du ikkje, så skal du.

Høgrestatsråden ser også ut til å ha gløymt at partiet har programfesta at tvangsekteskap er ille og må motarbeidast.

Høgskulefolk har stort sett vore varsame med å seie for mykje utetter. Det har vorte brukt mykje energi på å prøve å tolke statsrådens forteljing om kvalitet, og det også kan vere lurt å vere venn med han som sit på pengesekken. Men no er det ikkje så mykje å lure på lenger. Regjeringa ønskjer seg eit renn av samanslåingar av høgskular.

Ikkje ut frå kvalitetsomsyn, men ut frå prinsippet om forenkling ut frå geografi. Høgskular, kommunar og helseføretak skal visst styrast etter same overordna prinsipp: Større er betre. Kartet er alt teikna. No får terrenget sjå å tilpasse seg. Statsråden har ikkje ein gong hatt tid til å finne ut kva kvalitet er for noko før avgjerdene blir tatt. Eller så visste han godt at det ikkje er enkelt å vite kva kvalitet er for noko.

Tvangsekteskap

Eventyret om bukkane Bruse passar godt som illustrasjon på korleis Isaksen eventyr ser ut i praksis. Men med ei viktig endring: I Isaksens versjon av eventyret er det dei store bukkane frå Universiteta som først trampar på brua. – Ja så gå da, seier trollet Isaksen til universiteta. Dei kan dra rett til sætra i Brussel og gjere seg feit. For det er dit regjeringa har sendt mange, mange forskingsmilliardar. Det spelar mindre rolle at det er universiteta som har dei største kostnadene og kvalitetsproblema.

Men dei minste bukkane får ikkje gå i fred. Nei da. Trollet kastar seg over dei og formanar dei om inngå tvangsekteskap med mellomstore eller kanskje dei største bukkane.

Krav

Isaksen eventyr har også ein Sjuande far i huset. Det er Steinar Stjernø. Han meiner framleis at hans kart over høgskulenoreg frå 10 år tilbake er betre enn terrenget. Han er i grunnen nøgd med at høgskulane landet rundt no ser ut til å føye seg etter trollets krav. Ja bortsett frå høgskulane på Vestlandet. – Der er det kompliserte utfordringar, og førebels berre virvar og rot, pip han frå hornet sitt. Stjernø sa i si tid at alle fagmiljø må vere så store at dei kan tåle ei skilsmisse og to hjerteinfarkt. Moser-paret hadde kanskje ikkje fått forskingsmidlar etter Stjernøs kvalitetskriteriar, men dei er jo på eit universitet, på NTNU.

Erfaringar

Vi høyrer nokre snille forsøk på å seie at keisaren kanskje hadde gløymt kvalitetstekstilane sine. Regjeringa vedtok i fjor å slå saman tre mat-, skog- og landbruksinstitutt med over 700 forskarar. Samanslåinga vart på førehand ikkje rekna som samfunnsøkonomisk lønsam – men vart gjennomført likevel. Terrenget er ikkje så viktig. Kartet er alt teikna.

Dette handlar ikkje om å spare pengar – men om å skape større einingar med ein meir profesjonell administrasjon, seier Isaksen. Det vil altså kome eit ekstra lag med leiarar og administratorar – byråkratar om ein vil – som skal styre dei nye og større høgskulane. Det er klart det vil koste. Alle fusjonar kostar som regel langt meir enn det smakar, fortel erfaringar frå dei fleste sektorar. Spesielt om det er jamstore einingar som slår seg saman.

Høg risiko

Samtidig har alle høgskular og universitet i budsjettet for 2015 fått eit innsparingskrav på 0,5 prosent av dei samla utgiftene – for å drive meir effektiv administrasjon. Det er jo eit høgverdig mål – men vanskeleg å sameine med ønsket om meir EU-forsking. Er det noko som er ein byråkratidrivande tidstjuv med høg risiko, så er det EU-forsking. Isaksen jaktar nemleg også på tidstjuvar – men strukturdebatten er ein tidstjuv som ikkje passar i forteljinga.

Høgskulane på Nordvestlandet arrangerer kvart år ein felles forskingskonferanse: Fjordkonferansen. I 2014 kom det ut ei bok – langt frå ei eventyrbok – med tittelen: «Det mangfaldige kvalitetsbegrepet». Høgskulane har teke kvalitetsdiskusjonen på alvor. Og mange av oss meiner også at mangfald i seg sjølv gir kvalitet. Inkludert språkleg mangfald.

Kjære statsråd: Det er gode faglege og geografiske grunnar til å la høgskulane på Nordvestlandet halde fram som sjølvstendige einingar. I staden for berre å be oss om å tenkje nytt: Kan du også tenkje litt nytt? Vis at du meinte alvor då du starta ein kvalitetsbasert strukturdebatt.