Kronikk, lørdag 22. mai 2010

Ei tragisk feilsatsing

Kraft.
Foto: Staale Wattø/ Illustrasjon
Kraft. Foto: Staale Wattø/ Illustrasjon
EINAR SLETTEN,
professor emeritus, fysikalsk kjemi. UiB
Publisert: 22.05.2010 kl. 08:00
Endret: 27.05.2010 kl. 13:09

Når berre nok subsidiar kjem på plass kan dette bli ei gullgruve for investorar.

Vindmøller

Subsidiar til vindmøller bør heller brukast til opprusting og utviding av umoderne kraftstasjonar og linjenett.

Det viktigaste argumentet mot storstil utbygging av norsk vindkraft er vern av det unike norske kystlandskapet. Alt tidleg blei det klart at ein burde ta vare på særskilt verneverdige område i Norge. I tur og orden har vi fått etablert nasjonalparkar, 25 i alt, men etter det eg veit berre ein i kystområde (Ytre Hvaler, sjølvsagt på Austlandet). Atlanterhavsvegen på Nordmøre er av The Guardian utpeika som verdas vakraste reise med bil. Det ligg no føre konsesjonssøknader for 3–4000 vindmøller som skal spreiast langs kysten frå Lindesnes til Finnmark.

Smårusk

Den nye kraftlina gjennom Hardanger blir mest for smårusk å rekne samanlikna med linjenettet frå eit hundretals vindparkar i kystlandskapet! Vindmølleprodusentane pressar på og lovar gull og grøne skogar til kommunar som bit på lovnader om gode inntekter til ei slunken kommunekasse. Når berre nok subsidiar kjem på plass kan dette bli ei gullgruve for investorar.

Ikkje kopier

Danmark som er utan vasskraft, har i staden satsa stort på vindmøller. Det flate danske landskap er ideelt for vindmøller pga. av lite turbulens. Svivande vindmøller dominerer store område av land og kystområde. Men no har også danske myndigheiter kome til at dei har gått for langt med landbaserte møller. Heretter skal alle vindparkar lokaliserast utanskjers i grunne farvatn.

Ustabil

Vindmøller kan i dag under optimale vilkår dekke 20 % av det danske elforbruket, men det har vist seg at i praksis kan dei berre gjere seg nytte av ca % innanlands pga. av ustabil produksjon. I tider med overproduksjon må dei eksportere straum, ofte til ein pris som paradoksalt nok fører til at danske forbrukarar subsidierer t.d. norske og tyske forbrukarar.

I Norge vil vi ikkje ha same problemet sidan overproduksjon kan absorberast ved å bruke vassmagasin som eit slags reservebatteri. Men prisen på tilfeldig elkraft på verdsmarknaden ligg i dag langt under kostnaden for å produsere vindkraft.

Alternativ

Vasskraft: Den totale elproduksjonen i Norge basert på vasskraft er om lag 125 TWh. Ifølgje NVE er det mogeleg ved opprusting og utviding (O/U) av eksisterande kraftverk å skaffe om lag 15 TWh utan å krevje ny konsesjonsbehandling (data frå NVE). NVE nemner forbetring av turbinverknadsgrad spesielt for Pelton og Francis turbinar der ein kan auke toppverknadsgraden frå 90 til 95 %. Teoretisk ville dette gi ca 7 TWh ekstra, meir enn dobbelt så mykje som regjeringa si målsetjing for vindkraft (3 TWh i 2010). Opprusting av kraftverk og reduksjon av flomtap har teoretisk potensial på anslagsvis 15 TWh, men NVE slår fast at ved dagens marknadsvilkår er det berre anslagsvis 2 TWh som er økonomisk interessant. Men med same type subsidievilkår som for vindkraft vil truleg dei fleste av desse prosjekta vere rekningssvarande. O/U prosjekt som omfattar overføring av nye felt utgjer om lag 8 TWh. Slike prosjekt kan medføre mindre naturinngrep og må vurderast med omsyn til mogelege miljøinteresser. Eit døme på slik oppgradering er Sangfossen småkraftverk i Trysilvassdraget der produksjonen blei tredobla frå 10 GWh til 32 GWh. Det er i dag under bygging småkraftverk med samla kapasitet på 463 GWh og planar om nye 4 TWh dvs. ca 10 gonger meir enn produksjonen frå vindparken på Smøla (Europas største). ca 450 GWh.

Geotermisk energi

I jordas sentrum er temperaturen ca 3000 0C. Temperaturen aukar i snitt med 30–35 0C per km nedover i jordskorpa. Det er ikkje gjennomført systematisk kartlegging av geotermiske ressursar i Norge, men grove estimat indikerer at utnyttbar energi ned til 5 km utgjer eit varmebidrag på 60 TWh per år i Norge. Med varmepumper kan ein hente stabil energi frå berggrunn og/eller grunnvatn frå 100–150 meter. I 2007 var bidraget frå grunnvarme ca 1,7 TWh i Norge medan for Sverige, som har same naturgjevne tilhøve som Norge, er tilsvarande tal ca 10 TWh.

Fornybardirektivet

EU har bestemt at medlemslanda skal auke prosenten av fornybar energi (inkludert kjernekraft!) frå 8,5 til 20% innan år 2020. For Norge som EØS land er det krav om å gå frå 60 % til mellom 70 og 74 %. Dette kan vi lettvint oppnå ved å satse på O/U av vasskraft og geotermiske prosjekt utan å gå vegen om landbaserte vindmøller. I september 2009 kom det svenske ingeniørvitskapsakademiet ut med ein omfattande rapport om svensk energisatsing (www.iva.se) der konklusjonen er klart negativ til sterk utbygging av vindkraft. Stortinget bør gå mot vidare utbygging av landbasert vindkraft og heller subsidiere O/U prosjekt som ikkje skader miljøet. Framtida vil vise om det blir teknisk/økonomisk mogeleg å satse på flytande vindmøller til havs.

Ordliste: 1 kalori = 4,18 Joule = energi som trengst for å varmar opp 1 gram vatn 1 grad.

Elektrisk effekt: 1 watt (w) = 1 Joule/sekund. Kilo, Mega, Giga, Tera, tal med høvesvis 3, 6, 9,12 nullar.

 

Skriv din kommentar

Tittel *

Kommentar *

Fornavn *

Etternavn *

e-post *

Kallenavn (valgfritt)

Nyheter fra Sunnmørsposten - Nordvestlandets største avis ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

På forsiden nå

Silje inspirert av Japan

Stryning debuterar på møbelmessa i Stockholm. Les mer

Tøffelhelt i Mongolia

Se lydbildeserie og les reportasjen om Ingar Eide - om tro, tøfler og et vakkert, men nådeløst land. Les mer

Rekdal: – MÅ ha en målfarlig spiss

Sju mål på La Manga er ikke nok til at AaFK-treneren avblåser spissjakten. Les mer

Må velje mellom Eir (3) og arbeid

Reglane for å få pleiepengar er stramma inn. Les meir 4 kommentarer