Kronikk tysdag 7. juni 2011:

Aasen by!

I Dagbladet og Sunnmørsposten var det laurdag 21. mai stykke av høvesvis Fridgeir Walderhaug og Frode Kleiveland som tok opp namneforslaget «Aasen» for ei ny kommune oppstått ved samanslåing av Ørsta og Volda. Artiklane var grunna i det forhold at ein rapport om kommunesamanslåing vart gjort ålment tilgjengelege dagen før. Møreforsking ved Erlend Krumsvik og Telemarkforskning ved Kjetil Lie utførte denne.

I februar merka eg meg ved eit tilfelle at det på nytt vart tala og skrive om ei samanslåing av bygdene, og eg skreiv då ned ein del tankar om dette som eg lenge har bore på. Eg sendte det til Sunnmørsposten med tittelforslag «Aasen!», og det vart offentleggjort med tittelen «Aasen kommune!» 24. februar. Etter måten vakte stykket mykje gaum, og eg gledde meg over at Sunnmørsposten laga eit so flott illustrasjonsbilde med minnesteinen i Aasentunet.

Namneforslag

Ein del forhold med den nemnde rapporten samt med intervjuet som er halde med Ørstaordfører Gudny Fagerhol i Dagbladet gjer at eg ønskjer å kome med nokre merknader som eg vonar vil styrke namneforslaget «Aasen».

La meg først uttrykke noko om førerett i tid. I Dagblad-intervjuet vert Gudny Fagerhol spurt om kven som hadde kome med forslaget «Aasen». Her svarar ho at ho ikkje veit, og uttrykker at dei to forskarane som vart sette på saka vel har snakka med folk i bygdene.

I rapporten, som ein finn tilgjengeleg på vevsidene til begge kommunane, vert det på side 120 skrive: «Eit forslag som blei presentert og diskutert av den eine fokusgruppa blant tilsette i Volda og Ørsta kommunar var historisk nyskapande…. Forslaget som vart presentert var: Aasen kommune.

Dette namnet har tidlegare blitt presentert som eit lesarinnlegg i Sunnmørsposten, men i gruppesamtalen kom dette opp som ny idé.»

På bakgrunn av dette kan eg sjå at Gudny Fagerhol mogelegvis kan vere uviss med omsyn til kven som kom med forslaget. Den siste setninga er vanskeleg å tyde, men det er berrsynt at det er mitt avisinnlegg det her vert sikta til. Dette siste måtte forskingsrapporten strengt tatt ha gjort klårt for å stette ålmenne krav til vitskaplege offentleggjering, men her er vi i ein politisk samanheng.

Eg held det for svært lite truleg at ingen andre enn eg har tenkt den tanken før at «Aasen» må vere eit svært høveleg namn på det som må verte ein ny by med sitt folketal på omkring 20.000. Sjølv har eg tenkt og sagt dette lenge. Slik sett tek rapporten svært feil om ein tolkar den dit hen at ideen kom opp som ny i ein gruppesamtale, for i hausen min, og eg er viss på òg i atskillege andre sin, har han vore i atskillege år.

I kommunikasjon med forfattarane av rapporten er det elles no skrive meg at dei hadde minne om at mitt avisinnlegg var skrive tidlegare enn det tidspunkt namneforslaget vart lagt fram og forstått som ein ny ide i ei av fokusgruppene. Dermed er tolkinga det er vist til i førre avsnitt ei som uttrykker ein usann påstand. Korleis ulike omstende omkring dette elles heng saman får andre eventuelt grave i eller uttrykke, men forfattarane peiker på at dei ved søk på tittelen på stykket mitt frå februar i smp.no fekk fleire treff men ikkje på min artikkel; dette vert no retta på, etter det eg skjøner

Med dette er eg ikkje so oppteken av å verte tilskriven nokon historisk førerang med omsyn til namneforslaget. Der er enno mange kloke voldingar og ørstingar, og andre òg, som er mykje eldre enn meg. Eg er meir oppteken av å få fram at namnevalet «Aasen» er eitt som ein her må sjå som sjølvsagt! Det vil, som rapporten er inne på, vere historisk nyskapande å ta dette namnet i bruk for den nye byen, men ideen om eit slikt namn vil eg tru fleire hadde før eg vart til.

Men då kan eg heller ikkje fri meg frå å seie i mot det som Gudny Fagerhol uttrykker når ho sei til Dagbladet at ho ikkje kan tenke seg at «Aasen» vert valt som namn på den nye byen. Ho gir ingen grunn for dette etter oppslaget, og seier berre at det er hennar meining.

Namneval

Fagerhols avvisning av namnevalet gjorde at eg kom mykje i stuss. Men eg er no etter ein heil del villreie mest tilbøyeleg til å tenke at ho nok er svært klok gitt visse føresetnader ho gjer. Eg trur at Fagerhol ønskjer å unngå det å prakke eit ørstanamn på Voldingane. For Ørsta er det best at voldingane eventuelt frontar denne saka so ein avverger sovorne underlegne kjensler i Volda.

Men her vert det i so fall etter mitt syn gjort ein føresetnad som er feilaktig, nemleg den at Ivar Aasen var ørsting og ikkje volding. Visseleg ligg Aasentunet i Ørsta kommune i dag, men kommunar fanst ikkje då Aaseivar, som han vart kalla som gut, vart født i 1813.

Fødestad

Far min, som var ein utdanna og klok mann utan nettleksikon, sa ofte unøyaktig noko slikt som at Ivar Aasen var fødd i Volda herad og i Ørsta sokn. La meg, for å få poenget fram på eit meir nøyaktig vis sitere teksten far hadde dette frå, nemleg første setning i Ivar Aasens sjølvbiografiske skisse Selvbiografi (1841): «Mit Fødested er Gaarden Aasen i Ørstens Sogn, Voldens Præstegjeld paa Søndmør.»

Litt før det tidspunkt Ivar Aasen skreiv dette, nemleg i 1837, vart formannskapsdistrikta oppretta og grensene følgde prestegjelda som var tidlegare administrativ einingar i den norske kyrkja. I 1853 vart formannskapsdistrikta til kommunar, so då kunne Ivar Aasen med rette sei at han kom frå Volda kommune. Det var først i 1883 at Ørsta vart fråskild Volda som eiga kommune. Dei siste tretten åra av sitt liv kunne Ivar Aasen med rette sei at han kom frå Ørsta kommune. Men i staden for å seie det eine eller det andre av desse trur eg at Aaseivar først og fremst ville sagt at han kom frå Gaarden Aasen.

Det må vere svært klårt at Ivar Aasen ikkje er ein mann som ein kan ramme inn som ein ørsting framfor ein volding. Han gjorde det som utflytta 29-åring sjølv veldig tydeleg at han høyrde til og var frå begge stader!

Slik sett er det litt synd at rapporten kommunane har fått ikkje gjer klårt det eg her har freista å framheve. I staden ligg det som noko under i den at Aasen er ein ørsting og ikkje ein volding, og gitt dette kan ein skjøne Fagerhols tilbakehaldne svar på spørsmålet om namnevalet «Aasen».

I rapporten vert det sett på som problematisk at ein kallar opp den nye byen etter ein person, og ein tenker seg at dette bryt med norsk namneskikk. Eg veit ikkje at der er so mykje tradisjon å vise til her som er so ny at den er sakssvarande. Sjølv er eg frå Petterbakkane i Ørsta, og den staden er vel kalla opp etter ein som heitte Petter? Eg veit ikkje korleis det heng saman med namnet «Trondheim». Men det eg veit er at Ivar Aasen var ein so stor mann at her må vi ikkje la oss stenge inne av smålåtne fordomar. Mannen fortener at den nye byen vert kalla opp etter han, og den nye byen fortener å verte kalla opp etter han!

Plass til begge

Eit føremon med Aasen by vil elles vere det at den har plass både til Volda og til Ørsta. Førstnemnde må få halde på sine særkjenneteikn som ein kulturstad, og Ørsta må få halde på sitt. Der er til dømes sjølvsagt ikkje nokon grunn til at tradisjonsrike verksemder som Ørsta Stålindustri skal måtte endre namn. Forslaget om å opprette Aasen by inneber ikkje eit forslag om namnebyte, men i staden eit som gjer at begge stader med bygdene rundt går opp i ei større eining.

Vonleg vert sambanda betra. Eg kan i dag truleg uttrykke meg som ein som no høyrer til eit svært lite mindretal, nemleg ørstingar som ikkje vart fødde ved Volda sjukehus. Mor vart redd fordi ho nær måtte føde i sjukebilen då den eldre søstera mi vart fødd, so ho valde å få meg heime. Slik sett er eg ein ekte heimefødd ørsting, og det vil eg fortsette med å vere når eg vitjar Aasen by!

Her finn du innlegget frå Frode Bjørdal i Sunnmørsposten 25. februar 2011

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Det må vere svært klårt at Ivar Aasen ikkje er ein mann som ein kan ramme inn som ein ørsting framfor ein volding.

Leses nå
 

Forsiden nå:

Nyåpning for Myrstad Mathus:

Martine (30) er ny kjøpmann på Myrstad

All innmaten i butikken er ny og påkostet. Og fjerde generasjon har overtatt styringa av matbutikken.