NEDLEGGING: Mange fylke er inne i ein prosess der dei vurderer ei omstrukturering av den vidaregåande skulen. Ei slik omstrukturering får ulike konsekvensar for ulike lokalsamfunn.

Det er gjort svært få undersøkingar om kva konsekvensar nedlegging av ein vidaregåande skule kan få for eit lokalsamfunn. I ein tidlegare studie ved Møreforsking, seier Rune Kvalsund at skuleforskinga ofte har vore knytt til skulereformene og dermed vore gjennomført på premissane til styresmaktene. Dei har kanskje ikkje vore så interessert i å studere dette temaet. Andre meiner mangelen på studiar mellom anna kjem av at det er vanskeleg å seie noko om kva verknadar skulen har på flytte- og busetnadsmønster, fordi han berre er ein liten del av lokalsamfunnet og også berre ein av fleire faktorar som påverkar flytting og bustadsval.

Ulike verknader

Verknadar av nedlegging må knytast til konkrete tilfelle. Der det er store avstandar og mangelfulle kommunikasjonar vil ein få andre konsekvensar enn der avstandane er mindre og kommunikasjonane betre. Elevane har til dømes ulike føresetnadar for å takle det å flytte på hybel.

Møreforsking i Volda har sett på to lokalsamfunn som har opplevd at den vidaregåande skulen vart nedlagd. Eit av lokalsamfunna ligg i Nord-Noreg, eit anna ligg på Austlandet.

Tap for lokalsamfunnet

Nedlegging av vidaregåande skular fører til lengre reiseveg for ungdomen og mange vel å flytte på hybel. Dette gjer at ungdomsmiljøet på staden vert svekka, deltaking i lokale lag og organisasjonar minkar. Også for dei ungdomane som bur heime og tek buss til skulen kvar dag, har kulturelt og politisk engasjement vorte mindre etter nedlegginga. Ungdomane er slitne etter lange dagar med skule og pendling, og har ikkje overskot til å delta i same aktivitetane som dei var med på tidlegare. Fråveret av ungdom vert eit svært synleg tap for lokalsamfunnet. Ein fryktar at dette vil gje negative ringverknader, tilboda vert færre, det vert meir keisamt for attverande ungdom og fleire vel kanskje å flytte.

Fråfall

Hybelliv og lange pendlardagar kan også verke inn på i kva grad ungdomane fullfører vidaregåande opplæring. Dei som har opplevd slike nedleggingar peikar på erfaring med ungdom som droppa ut av skulen, dels fordi det vert slitsamt å pendle, dels fordi nokre av dei som bur på hybel ikkje er modne nok til å ta ansvar for eigen skulegang. Ytterkantane i regionen som misser den vidaregåande skulen merkar i særleg grad nedlegginga. Her er det flest elevar som må flytte på hybel, og dei som pendlar vil få særleg lang skuleveg.

Viktig for identitetsdanninga

Ein langsiktig konsekvens av å ha ein vidaregåande skule i lokalsamfunnet er at han kan verke identitetsdannande og på den måten få ungdomane til å ønskje å busetje seg der i framtida. Dei åra ein går på vidaregåande er svært viktige for identitetsdanninga, og når desse åra berre i liten grad blir levd på heimstaden på grunn av pendling eller hybeltilvere, vil eleven gradvis kunne miste kjensla av å høyre til på heimstaden. I staden vil skulestaden bli senter for sosialisering og identitetsdannande aktivitetar og såleis verte meir aktuell som framtidig bustad.Det er også dei som meiner å sjå at ungdomar som veks opp i dag har eit meir komplekst forhold til stadar enn føregåande generasjonar. Dei er meir mobile og har fleire erfaringar med ulike stadar og regionar i verda. Ungdomane fyl også ofte trendane i samfunnet når dei vel utdanning og skal busetje seg. I statistikken ser vi at det betyr å busetje seg i storbyane og omlandet. Å tryggje skulestrukturen kan såleis vere ein strategi for å styrke regionen sin posisjon i forhold til storbyregionane.

Kompetansearbeidsplassar

Den vidaregåande skulen representerer mange kompetansearbeidsplassar i distrikts-Norge. Misser lokalsamfunnet desse arbeidsplassane vil det verte mindre attraktivt for tilflyttarar utanfrå. Dette vil kunne få både direkte og indirekte konsekvensar mellom anna for rekruttering av arbeidskraft til privat og offentleg næringsliv.

For det første rekrutterer næringslivet direkte frå vidaregåande skule, gjerne gjennom lærlingordninga. Ein skule lokalt gjer også at tilgangen på deltidsarbeidskraft vil vere stor, til dømes der elevar ønskjer å jobbe kveldsvakter. For det andre har vidaregåande skule ei indirekte rolle i rekruttering av personell utanfrå, som set som krav at staden har eit skuletilbod til ungdomane deira. Mange arbeidstakarar lever i parforhold og er avhengig av to jobbar når dei søker seg til ein stad. I denne samanheng er vidaregåande skule verdifull. Fell den bort kan det verte vanskelegare også for andre verksemder å få tak i arbeidskraft.

Treng meir forsking

Det er i dag få døme på vidaregåande skular som er nedlagde. No står ein framfor ein debatt som kan føre til at mange skular forsvinn. I eit slikt perspektiv er det stort behov for å studere samanhengen mellom lokalsamfunn og skule. Møreforsking har teke utgangspunkt i to konkrete døme og sett på erfaringar nokre sentrale personar har gjort seg. Vi har funne nokre tendensar i høve kva som kan vere konsekvensane av ei nedlegging. Det er vanskeleg å tenke seg at det å miste skulen kan vere anna enn negativt for lokalsamfunnet han er ein del av. Samstundes kan det bety at regionen som heilheit får eit betre skuletilbod, og at elevane får større valfridom i høve til kva fag dei kan velje. Gode skuletilbod, med eit breitt studietilbod i akseptabel pendlaravstand, kan også gjere det attraktivt å bu i distrikta. Ein konklusjon er at det er vanskeleg å skulle seie noko konkret om verknadar av slike prosessar så lenge analysane ikkje vert knytt til konkrete tilfelle av nedlegging. I forprosjektet Møreforsking har gjennomført har vi sett at det er behov for meir kunnskap om kva ein skule betyr for eit lokalsamfunn.