KVINNESAK. På fleire måtar møtte Camilla Collett samfunnets stengsel for kvinnene, og etter kvart tok ho oppgjer med dei. Ho måtte halde skjult følelsane ho hadde for Johan Welhaven, for ikkje å misse den viktigaste kapitalen ei kvinne hadde på den tida, - si ære. Collett måtte gå ein svært krevjande veg for å bli forfattar. Av den enkle grunn at ho var kvinne. Skriving var berre for menn. Men Collett skreiv. I den første tida vart tekstene utgitt i namnet til mannen, Jonas Collett. Ho vart ikkje respektert av si svigerfamilie. Fordi ho fortsatte å skrive som gift kvinne. Etter at mannen døde og ho sat igjen med omsorga for fire barn, kom ho i store økonomiske vanskar. Fordi ho var kvinne og dermed ikkje hadde eiga inntekt. Då tok ho det dramatiske valet å takke nei til økonomiske bidrag frå svigerfamilien. Fordi ho ville vere eit fritt menneske.

Evne

På denne tida måtte kvinnene gi frå seg eventuell formue til mannen, og dei kunne ikkje ha løna arbeid utanfor heimen etter at dei var gifte. Kvinner som ikkje gifta seg, hadde få andre val enn å leve som ein klamp om foten på familien. Ei muligheit var å undervise, men då for halvparten av løna ein mannleg lærar fekk. Den lave løna vart grunngitt med at det ikkje kunne stillast same krav til kvinnene og at dei ikkje presterte like godt som menn. Sett med vår tids auge hadde ein på denne tida ein del uforståelege forestillingar om halvparten av befolkninga; dei hadde dårlege nervar, dei hadde manglande evne til å tenke logisk, og jenter ville ikkje tåle å få same oppdragelse eller undervisning som gutar. På grunn av at kvinners hjerne har mindre vekt enn hos menn, vart dei sett på som intellektuelt lavareståande. Ein meinte at dei hadde også langt mindre arbeidskraft enn menn. Ein teori var at menstrusjonen tok arbeidskrafta frå kvinnene. Enkelte hevda at berre ti prosent av kvinnene hadde kjønnsdrift. Likevel fekk dei skulda for såkalla uekte barn. I samband med diskusjonen om stemmerett for kvinner, såg enkelte føre seg at kvinnene kom til å fylle Stortinget med fanatiske fistelstemmer og at dei kom til å ta mange dumme avgjerder. Ja, det vart hevda at ei kvinne som gjekk ut i offentlegheita, ville utvikle seg til eit kjønnslaust misforster. Kvinneidealet var å vere sjølvfornektande og oppofrande. Dei skulle halde seg unna aktivitetar utanfor det heimlege, som for eksempel å gå på kafé, for ikkje å øydelegge æra. Frå barnetoget vart stifta, gjekk det tjue år før jentene fekk lov til å gå i 17-maitoget.

Fridom

Parallelt med at vår identitet som eit fritt land vart forma på1800-talet, begynte kvinnene å kaste korsettet. Camilla Collett hadde eit stort mot til å erobre sin fridom, og undra seg på om framtidas kvinner kom til å ta i bruk sin fridom. Når vi tenker på likestilling, tenker vi vanlegvis på økonomiske og juridiske rettigheiter, samt muligheita til å ta eigne personlege val når det gjeld utdanning, ekteskap og liknande . Vi kan kalle dei ytre rettigheiter. Og på desse områda er mykje på plass. Men Collett var oppteken av at vi parallelt med å oppnå fridom på slike ytre område, også måtte arbeide oss fram til ei indre friheit. Ja, frigjeringa må faktisk begynne innanfrå, meinte ho. På den måten kan vi kjenne sjølvrespekt og våge å bruke eigne evner.

Erobre

Vi kan spørje som Camilla Collett. Brukar vi som kvinner fridomen vår? Ja, sjølvsagt gjer vi det i stor grad, spesielt den ytre fridomen. Men eg trur mykje gjenstår når det gjeld å erobre vår indre fridom, - fridomen til å føle det vi føler, tenke det vi tenker og uttrykke det, fridomen til å vere menneske slik det kjennest best for akkurat meg, til å vere kvinne slik det kjennest best for akkurat meg. Dei mekanismene som har undertrykt kvinnene ligg så djupt i vårt samfunn at det enno vil ta lang tid å utrydde dei. Kvinnefrigjeringa fekk eit midlertidig tilbakeslag på slutten av 1800-talet. Ei forklaring kan vere at kvinnene si nye deltaking i samfunnet utløyste ei krise i den mannlege bevisstheita, at mange menn følte sin autoritet og dermed sitt sjølvbilete trua. Kanskje gjer slike mekanismer seg gjeldande også i vår tid ? I tidlegare tider snørte kvinnene midja med umenneskelege stramme korsett. Er vi fanga i eit nytt korsett gjennom det enorme fokuset på vår ytre fasade som gjennomsyrer vår kultur? Er vi klare for å kaste dette tankekorsettet som dei uoppnåelege ideala strammar rundt midja vår? Til å finne kvile i den vi no ein gong er? Kva tid skal spesielt unge jenter bli fri til å kaste på dør dei strenge forventningane om å legge ein voldsom energi i kropp, hår, antrekk, framtoning? Skal vi ikkje snart lære å kjenne eigenverd i den vi er skapt som? Kva tid skal kvinner frå fjerntliggande kulturar kaste sine undertrykkingssymboltunge tekstilar? Kva tid tid skal vi kaste vår tids korsett som knebler tanken og knugar kroppen?

Undertrykt

Men sett i eit langt historisk lys, skal vi ikkje vere mismodige. Mannsdominerte samfunn har vore på moten i rundt ti tusen år. Derfor må vi rekne med at det vil vere nokre fantomsmertar på vegen mot eit likeverdig samfunn. Både kvinne- og mannsrollene må gjennomgå store forandringar, og begge partar må legge bak seg tilvande tenkemåtar. Camilla Collett hevda at kvinna er så undertrykt at ho held fram med å undertrykke seg sjølv og at dette må den enkelte ta eit oppgjer med. Ved å ta dette oppgjeret, vil kvinner vere gode førebileta for dei som veks opp og kanskje kan leve i eit meir likeverdig samfunn på alle plan. La oss skape eit samfunn med oppnåelege livsideal i ei forståing av at det er tre og ein halv milliard måtar å vere kvinne på, sju milliardar måtar å vere menneske på, og at eg ikkje skal leve opp til meir enn å vere akkurat den vesle puslespelbiten på jorda som er meg.

Les Eva Vinje Aurdals KRONIKK: Hvorfor forlater jentene Møre og Romsdal