Den europeiske språkdagen 26. september.

Ivar Aasen sameina dei norske dialektane i ei felles norsk skriftnorm. Ludwik Zamenhof sameina dei store europeiske språka i eit nytt språk for heile verda. Båe hadde eit språkleg mangfald som råmateriale og utforma av det eit einskapleg felles uttrykksmiddel.

Overtydd

Både Aasen og Zamenhof hadde i utgangspunktet vraka ideen om å velje éi form frå mangfaldet. Aasen ville ikkje gi særstatus til éin dialekt: Han ville at alle nordmenn skulle kunne kjenne noko att i det nye skriftspråket. Zamenhof var overtydd om at eit nasjonalspråk ikkje ville kunne fungere internasjonalt: det ville diskriminere dei som ikkje var så heldige å vekse opp med det som morsmål. Men alle ville finne att element frå morsmålet sitt i det nye språket.

Båe tok sikte på vanlege menneske som brukarar: Aasens landsmål var eit språk som allmugen kunne kjenne seg heime i utifrå sine eige norske talemål. Zamenhof laga eit språk som var så enkelt bygd opp at ein ikkje trong å vere boklærd for å kunne lære det.Og båe språka var det éin ung mann som stod bak. Aasen var 22 då han sette opp planen sin. Zamenhof arbeidde med ein førsteversjon av språket sitt då han var 19. Aasen meinte at språksituasjonen i Noreg svekte folkeopplysninga og demokratiet, Zamenhof at språkskijla i Aust-Europa skapte ufred.Men det er òg ein viktig skilnad. Aasen ville gi allmugen eit eige norsk skriftspråk. Dei skulle sleppe å vere tospråklege. Zamenhof ville tilby alle eit nytt felles andrespråk.

Sjølvlært

Aasen vart fødd i 1813 på ein gard på Sunnmøre, Zamenhof 46 år etter, i 1859 i ein by i Polen, då i tsar-Russland. Aasen levde til 1896, ni år etter at Zamenhof lanserte esperanto. Men dei trefte kvarandre aldri. Det kunne ha vore eit interessant møte.

Aasen var sjølvlært på mange område. Zamenhof lærte klassiske språk på skulen. Familien var jødisk, og faren var gymnaslærar. Heimbyen Bjałystok var sterkt prega av etniske konfliktar. Det vart snakka polsk, russisk, tysk og jiddisk, og den unge Zamenhof såg at om alle hadde eit felles språk, ville dei i alle fall kunne snakke saman og ha ein sjanse til å leve i fred. For Aasen var utfordringa ei anna: folk snakka norske talemål, og det danske skriftspråket var framandt.

Norskare

Her ligg ein annan stor skilnad mellom dei to prosjekta. Zamenhofs språk skulle vere lettlært og letthandterleg for folk med ulike morsmål. Difor skar han grammatikken inn til beinet og i staden for bøyingar gjorde han det mogleg å byggje eigne ord etter eit slags byggjeklossprinsipp. Slik vert det òg færre gloser å lære. Men Aasen sette seg eit anna mål: Språket hans skulle ikkje vere lettare, men norskare. Det gjorde det som regel vanskelegare òg. Ville nynorsken ha vore meir akseptabel for byfolket om Aasen hadde prøvd å ta omsyn til dette?

Aasen hadde, på dei lange samleferdene sine, mykje strev med å ta seg fram, ofte til fots. Zamenhof hadde råmaterialet sitt i europeiske skriftspråk og kunne halde seg ved skrivebordet. Men som augelækjar med kone og tre born sleit han i lange periodar med å få endane til å møtast. Han var avhengig av usikre tilskott frå velgjerarar for å halde fram språkarbeidet. Zamenhof vart 27 år før ei gåve frå svigerfaren gjorde det mogleg å gi ut den første grunnboka. Då Aasen var 28, fekk han stipend, og seinare vart det statsstipend livet ut. Kunne esperanto ha fått ein sterkare oppslutnad dei første åra om Zamenhof hadde vore spart for pengesut?

Aasen opplevde òg å sjå språket sitt jamstilt med riksmålet i 1885. Noko slikt har ikkje skjedd med esperanto: Høgdepunktet til no er kanskje resolusjonen i Unescos hovudmøte hundre år seinare, i 1985, med tilråding om opplæring i esperanto i skuleverket og at internasjonale organisasjonar tek det i bruk.

Endra

Frå den første norma til Aasen er landsmål/nynorsk endra med jamne mellomrom heilt fram til i dag. Esperanto derimot vart siste gong reformert i 1888, året etter den første lanseringa (då orda for ‹når›, ‹alltid› osv fekk bytta ut éin bokstav). Ordtilfanget og stilen har nok endra seg, men grammatikken er den same. Ville nynorsken vore meir populær i dag om ein hadde halde på éi norm?

Til skilnad frå nynorsken har esperanto berre sporadisk vore undervist i skulen. Det har ein føremon: Som valfag får ein motiverte elevar.

Ideologi

Det er fleire parallellar: Både Aasen og Zamenhof skreiv dikt: Mellom bakkar og berg og La Espero vert ivrig sunge og flittig sitert. Båe sette om ordtak og gav ut store samlingar på det nye språket sitt. Og både nynorsk og esperanto er meir enn språk: båe har vorte bore fram av ein ideologi: nynorsk av ei nasjonal/kulturell rørsle og esperanto – mange vil seie – som middel for vennskap og rettferd på tvers av språk- og landegrenser.

Både nynorsk og esperanto har mått streve for å få respekt som «verkeleg språk» og vinne innpass der andre språk var i bruk frå før – i Noreg dansk og i Europa fransk, russisk og andre nasjonalspråk. Mangelen på språklege føredøme skapte skepsis til korleis eit nytt språk kunne fungere i praksis. Men etter kvart kom både nynorsk og esperanto i bruk i stabile, men spreidde språksamfunn, både i dagleglivet og i litteraturen, berre i mindre omfang enn opphavsmennene hadde tenkt.

Aasen laga eit skriftspråk for heile Noreg. I dag er det hovudspråk i nokre distrikt og i delar av norsk kulturliv. Zamenhof laga eit språk for heile verda. I dag finst brukarar i over hundre land, men dei er eit lite mindretal. Korkje nynorsk eller esperanto har nådd fram til det opphavlege målet, men båe er vortne levande bruks- og kulturspråk, kvart på sin arena, og kjem til å leve og utvikle seg vidare.