Møre og Romsdal klarer ikkje å halde på kvinnene. Ingen andre fylke har så dårleg drag på damer i alderen 20 til 39 år. Det er dårleg nytt for utviklinga av regionen, og denne vonde spiralen må vi ut av.

Flyttestraumane har auka dei siste tiåra. Berre halvparten av befolkninga bor i den kommunen dei vaks opp når dei er kome så langt at dei kan feire 40-årsdagen sin.

Ikkje alle desse flyttar til sentrum, men det ligg ein klar sentraliseringstendens i flyttestraumen. Folk som tek høgare utdanning finn lettare jobb i sentrale strok. Dei søkjer i tillegg etter urbane tilbod og verdiar.

Sjølvsagt bør det ikkje vere slik, men framleis fører det til at det er tyngre å lokke kvinnene tilbake. Skal vi sikre regionen kraft til å utvikle seg, er det viktig at vi klarer å få fleire kvinner inn i dei mannsdominerte yrka. Som årets mottakar av likestillingsprisen i Møre og Romsdal, Gunvor Ulstein, seier, må vi slutte å snakke om kvinnearbeidsplassar og mannsarbeidsplassar. Kvinner og menn må få dei same mogelegheitene til å gjere karriere og utvikle seg og sine evner også i praksis. Samtidig må vi skape ein meir mangfaldig arbeidsmarknad som gir alle eit breiare karrieretilbod og fleire valmogelegheiter. Skal regionen få ei god utvikling, må kvar og ein ha rom til å utvikle sitt eige potensial – uavhengig av kjønn. God likestillingspolitikk er både god distriktspolitikk og god næringspolitikk.

Grafikk viser folketalsutviklinga: Kvinner forsvinner