Usikre tider får folk til å halde hardare på kredittkortet. Sjølv om prognosane for julehandelen sprikar, er tendensen klar. Årets julehandel kjem ikkje til å slå nye rekordar. Det er både ei god og ei dårleg nyheit.

Vi er på veg inn i første veka i desember, og julegrantenningane er vel overstått. No står innspurten i julehandelen for døra. Næringsorganisasjonen Virke spår at vi kjem til å svi av 55,5 milliardar. Det er om lag like mykje som i fjor.

I ei undersøking som Sparebank 1 har gjort, svarer 19 prosent av dei spurte at årets juleforbruk kjem til å bli påverka negativt på grunn av den usikre økonomiske situasjonen. Skal ein tru på denne undersøkinga, vil vi julehandle mindre enn vi gjorde i fjor.

Det er naturleg at vi blir prega av nyheiter om aukande arbeidsløyse og økonomiske nedgangstider. Når pilene peikar nedover er det også fornuftig å flytte pengar frå forbruk til sparing, slik at ein har ein buffer om nedgangstidene skulle treffe eiga lommebok.

Samstundes er det viktig å stoppe opp og reflektere over kva slag julefeiring vi vil ha. Om vi vil at jula skal handle om religiøse verdiar eller vere ei tid og omsorg for kvarandre, kan ei stadig kommersialisering av høgtida vere eit hinder.

Vi veit også at mange julehandlar for lånte pengar, og eit meir nøkternt privatforbruk kan vere av det gode. Likevel er altså ikkje ei utflating eller fall i julehandelen berre godt nytt for utviklinga i norsk økonomi.

Svake shoppingtal gir også grunn til ei viss uro for den vidare utviklinga i norsk økonomi. Tall frå førre veke syner at detaljhandelen for tredje kvartal fall med eit halvt prosentpoeng. Om denne tendensen bit seg fast, kan det slå negativt ut.

Mange som analyserer utviklinga i norsk økonomi fryktar no at vi kan vere på veg inn i ein mild resesjon. Svekka forbrukartillit kan føre til tapte inntekter for handelsnæringa og fare for tap av arbeidsplassar. Det er fornuftig at vi vurderer våre eigne utsikter nøkternt, særleg dei som reelt sett står i fare for å bli direkte råka av nedgangstidene. Men vi bør vere realistar. Lar vi oss påverke av overdriven pessimisme, er det like gale som overdriven optimisme.