Tips oss

Tips oss på 95 400 400

  • Ring 95 400 400
  • Send e-post til 95400400@smp.no
  • Send SMS eller MMS med bilder til 95400400
Illustrasjonsfoto: Morten Holm / NTB scanpix

Illustrasjonsfoto: Morten Holm / NTB scanpix

LEIAR onsdag 6. januar 2016:

Må bli slutt på ulovleg tradisjon

På Sunnmøre har det i mange år vore tradisjon å sende opp nødrakettar nyttårsaftan, sjølv om dette er eit klart lovbrot. I staden for å destruere rakettar som har gått ut på dato, har folk tatt i bruk nødrakettane som fyrverkeri på nyttårsaftan. Dette gjeld til dømes mannskap om bord på båtar som har fått med seg nødrakettar heim til privat bruk. Det er blitt sett gjennom fingrane med denne praksisen, fordi det er blitt hevda at den har gitt nyttig trening i oppskyting. Derfor var hendingane natt til 1. nyttårsdag i år ein alvorleg vekkar.

Rundt 45 brannar vart meldt inn i løpet av nyttårsfeiringa i Møre og Romsdal. Tørt gras, vind og fyrverkeri vart ein farleg kombinasjon. I Giske kommune vart rundt 20 personar evakuerte frå heimane sine på grunn av ein større grasbrann på Valderøyfjellet. Alt tyder på at brannen vart starta av nødrakettar.

Fleire vitne såg sju-åtte nødrakettar bli sendt opp frå sørsida av Valderøya, og eit vitne såg nødbluss lande og antenne bakken. Nødrakettane har fallskjerm og brenn derfor svært lenge. Det aukar risikoen for at raketten kan sette fyr på tørr vegetasjon.

Heldigvis gjekk det bra denne gongen. Ingen kom til skade i nokon av brannane. Men med sterkare vind kunne det ha gått så mykje verre. Det er absolutt ikkje nødvendig å vente på at det skal ei alvorleg ulykke før forbodet blir tatt på alvor.

Lensmannen i Giske kommune vil ha slutt på denne brannfarlege nyttårstradisjonen, og kritiserer reiarlag som deler ut nødrakettar til sine tilsette. Han har heilt rett. Det er på tide at forbodet vert handheva. Utdaterte rakettar og bluss skal returnerast til forhandlaren for destruksjon. Nødrakettar skal berre brukast dersom ein verkeleg treng hjelp. Misbruk av nødbluss kan også skape farlege situasjonar dersom folk i havsnød ikkje blir fanga opp, eller det kan bli sett i gang unødvendige aksjonar.

I fleire kommunar er det innført felles oppskyting av fyrverkeri, for å unngå at det oppstår brannar og personskade under nyttårsfeiringa. Det er eit godt tiltak, som kan gi storslåtte lysshow, som på ingen måte legg dempar på nyttårsfesten. Tvert om kan det vere med på å skape nye tradisjonar. Det viktigate i første omgang er likevel å få stansa misbruket av nødrakettar.

Mer å lese på smp.no:

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

– Med sterkare vind kunne det ha gått så mykje verre

Leses nå:

Forsiden nå:

Opninga av 33 kilometer ny veg er berre månader unna

Ny E6 tek form

Fleire sunnmøringar og nordfjordingar har dei siste par åra hatt jobben sin på det som for tida er eitt av landets største vegprosjekt. I oktober er jobben ferdig, og i desember opnar 33 kilometer med ny E6 i Gudbrandsdalen.

Yoga-arkitekten returnerer til Ålesund etter 20 år:

37 boliger på 37 år

Silje Sollien har ikke bodd i Norge på 20 år. Nå har hun flytta til Ålesund, for å få ålesunderne til å få øynene opp for byrommene og byen.

Dagens leder:

«Turistnæring sliter med køproblemer»

Når de står som sild i tønne på Preikestolen i Lysefjorden, blir ikke opplevelse den samme.