Frp kan bli nøydd til å gå nokre tøffe rundar med seg sjølv for å nå måla om eit såkalla grønt skatteskifte. Partileiar Siv Jensen gjer derfor klokt i å starte jobben internt. Neste steg blir å selje det til veljarane.

I sin tale til fylkesårsmøtet i Oslo i helga brukte partileiaren mykje tid på å førebu partifellane på det som vil kome. Framstegspartiet har allereie plikta seg til å arbeide for å vri skatten slik at det vert dyrare for den som forureinar.Det vil mellom anna bety at bilistane vil oppleve at det vert dyrare å bruke bilen. For eit parti som i nesten heile si tid har stått for det motsette, og til og med vore med på å felle ei regjering på spørsmålet om bensinavgifter, er det ein lang veg å gå.

Våren 1986 sparka Carl I. Hagen statsminister Kåre Willoch (H) ut av regjeringsbygget, og rydda med det plass for Gro Harlem Brundtland (Ap). Årsaka var at Willoch ville auke bensinprisen med 42 øre literen som ein del av ein krisepakke.

Når Siv Jensen no varslar dyrare bilbruk, kan det vere ei klok klimapolitisk avgjerd. Det vil gjere det mogeleg å redusere både lokal forureining og dei nasjonale klimautsleppa. Samstundes vil det bli endå meir attraktivt å gå over til bilar med nullutslepp eller lave utslepp.Om det er ei like klok partipolitisk avgjerd framfor neste års stortingsval, er meir uklart. Framstegspartiet er av mange sett som garantisten mot auka drivstoffavgifter og auka skattetrykk. Det er ved bensinpumpene nordmenn sin skatteprotest er mest høglydt.

Norge underteikna før jul den nye klimaavtalen i Paris. Regjeringa er nøydd til å ta markerte grep for å nå måla vi med dette har plikta oss til, også upopulære grep. Det må bli endå dyrare å forureine og lettare å ta klimavennlege val for både næringsliv og privatpersonar.

Siv Jensen sitt mål er å vri skattane over i ei meir «grøn» retning, samstundes som det samla skatte- og avgiftsnivået ikkje aukar. For bileigarane kan det gjerast ved at avgiftene på å eige bil blir kutta samstundes.Den omlegginga bør starte snarast, og vi må bruke tid på den. Folk må få tid til å omstille seg til eit nytt avgiftsregime. Alle kan ikkje på dagen skifte til hybridbil. For transportnæringa kan omstillinga bli særleg krevjande.