Schengen-avtalen og det passfrie området som denne avtalen innførte, var eit heilt avgjerande vilkår for den indre marknaden som også Norge gjennom EØS-avtalen har nytt godt av i mange år. No opplever vi at land etter land stenger grensene sine og innfører streng grensekontroll, slik også Norge og Sverige og Danmark har gjort. EU har godtatt dette som ei naudløysing, men har som mål at det passfrie området skal vere gjenoppretta i løpet av hausten.

Frå både FN og Amnesty International er avtalen blitt kritisert fordi asylsøkjarar som kjem over havet frå Tyrkia til Hellas ikkje får høve til å søkje asyl i Hellas, men automatisk blir sendt tilbake til Tyrkia. Til det er å seie at dagens asylsystem har spelt fallitt. Retten til asyl er meint å skulle gjelde for einskildpersonar som er trua på livet, og ikkje for hundretusenvis av menneske som pressar på samtidig, og som øydelegg mottakssystema i alle land. Etter kvart er det nødvendig med ein internasjonal revisjon av dette regelverket som tar omsyn til slik massemigrasjon vi er vitne til no.

Avtalen med Tyrkia seier at Tyrkia skal ta imot retur av alle som kjem til Hellas, men at eit tilsvarande tal kvoteflyktningar frå flyktningleirane i Tyrkia skal sendast til EU for fordeling mellom Schengen-landa. Når vitsen med å inngå avtale med menneskesmuglarar for å kome seg over havet, blir borte, er det ein sjanse for å øydelegge for denne kriminaliteten. Problemet ein ikkje har kontroll på er at smuglarane kan finne seg andre ruter. Bulgaria har 260 kilometer lang grense mot Tyrkia, og bygg piggtrådgjerde for harde livet.

Også kryssinga frå Libya til Italia kan kome til å ta seg opp, og heilt trygge er vi vel heller ikkje for at fleire kan kome gjennom Russland til Storskog. Korkje EU eller Norge vil vere kvitt desse utfordringane på mange år. Fred i Syria er første målet, men jakta på ei betre framtid stoppar ikkje med det.

EU har gått med på å betale seks milliardar euro som kompensasjon til Tyrkia. Det er rett og rimeleg ut frå den store mengda flyktningar frå Syria som Tyrkia har teke imot. Derimot er det nok mange EU-land som er skeptiske til at EU har garantert visumfritak for tyrkiske borgarar innan juni i år. Det vil gjelde også for Norge.