Bankane vil følgje opp og sette ned sine utlånsrenter, og det er spådd at renta på bustadlån kan kome ned i 1,15 prosent. Det vil kunne auke presset på bustadmarknaden, spesielt i dei delane av landet som ikkje er råka av svikten i oljenæringa. Møre og Romsdal slit med stigande arbeidsløyse, og vil neppe merke same presset som til dømes Oslo og Austlandet vil gjere.

Blir den låge renta langvarig kan det i verste fall også slå negativt ut for nivået på pensjonane, og det kjem uansett til å bli vanskelegare å få kreditt. Det vil igjen kunne svekke omstillinga til ny vekst. Det er sterkt å håpe at tidene snur, og at neste år blir lysare. Analysen frå Nordea Markets onsdag gjekk i det minste ut på at det verste no er over, og at det vil snu til oppgang og redusert arbeidsløyse neste år. Då kan kanskje Norges Bank berge seg unna negativ styringsrente.