For første gong på over 20 år er det opna for oljeleiting i heilt nye område. Når det skjer før jubelen over klimaavtalen frå Paris har stilna, kan det på overflata stå fram som eit dobbeltmoralsk mageplask.

Ser ein utlysinga i eit større perspektiv, er det derimot meir snakk om ei svak krusing på overflata. Rett nok er det snakk om eit nytt kapittel i nordnorsk oljehistorie, men likevel ikkje ei klimapolitisk fallitterklæring.Det er ikkje slik at det einaste klimapolitiske alternativet er å avvikle norsk petroleumsnæring på dagen. Heller ikkje i løpet av dei næraste tiåra. Næringa vil vere viktig for både Norge og verda sitt energibehov i lang tid framover. Då er det både rett og naudsynt å sørge for at den får utvikle seg vidare. Oljeleiting i nye område er ein naturleg del av dette.

Miljørørsla og fleire politikarar var raskt ute med å gravleggje den 23. konsesjonsrunden allereie då Paris-avtalen vart underskriven i desember. Regjeringa var like klar på at dette var ei uaktuell politisk løysing.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

Norge har sett seg høge klimapolitiske mål, og vil truleg skjerpe desse før ei eventuell utbygging i det søraustlege Barentshavet tek til. Mål som vi har plikta oss til i internasjonale avtalar skal vi sjølvsagt gjere alt for å nå, og vi må truleg gjere smertefulle val for å få det til.

Ei hastig avvikling av norsk petroleumsaktivitet er ikkje ein del av ei slik løysing. Dramatiske kutt i norsk oljeproduksjon vil ikkje fremje klimaet så lenge vi ikkje har utvikla alternative energikjelder. Tvert imot vil det fremje meir utvinning og forbrenning av skiferolje og kol så lenge verda ikkje har andre og meir klimavennlege energikjelder som erstatning.