Skal oppdrettsnæringa ha ei framtid i vekst, må kampen mot rømming og lakselus trappast kraftig opp. Ny teknologi er avgjerande. Det stiller store krav til aktørane, men dei har ingen veg utanom.

Vitenskapelig råd for lakseforvaltning er svært uroa for villaksen si framtid. I sin siste rapport har dei oppgradert trusselvurderinga frå rømt laks. Nye analysar syner at mange laksestammar har stor genetisk innblanding blant laks som har kome tilbake til elvane for å gyte.

Dette handlar altså ikkje om talet på oppdrettslaks som går opp i elvane ein enkelt sesong, men om genetisk innblanding i vaksen laks som har vore på gytevandring. Det er altså snakk om ei gradvis utvatning av dei opphavlege stammane.

I motsetning til smittepress frå lakselus, som mange meiner er det største problemet – og som kan variere frå år til år, har genetisk smitte ein langtidseffekt som er vanskelegare å overvinne. Går det genetiske materialet tapt, snakkar vi om eit tusenårsperspektiv på å byggje det opp att.

Flytter ikke til havs: Tror oppdrettsnæringen forblir i fjordene

På Nordvestlandet er Bondalselva og Stryneelva dei mest utsette, men om ikkje oppdrettsnæringa reduserer rømminga kraftig, vil dette kunne bli eit større problem både for næringa og villaksen enn det lakselusa er i dag.

Mange aktørar tek utfordringa på alvor. Ikkje minst er talet på rømt laks redusert. Fleire er i ferd med å utvikle og ta i bruk ny teknologi. Marine Harvest-sjef, Alf Helge Aarskog, sa til VG i går at framtida for oppdrettsnæringa er lukka anlegg i fjordane.

Det kostar å investere og utvikle slik teknologi, men det er ingen veg utanom. Kostnaden med å la vere, er langt større. Regjeringa må stå beinhardt på kravet om at berekraft er ein føresetnad for vidare vekst i talet på konsesjonar og biomasse.

Ikkje alle har evne, vilje eller musklar til å vere med på denne utviklinga. Desse må få klar beskjed om at dei ikkje kan vere ein del av den framtidige oppdrettsnæringa, og at dei må finne seg noko anna å gjere.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!