Lakseprisen er no like høg som på 80-talet, då laks framleis var eit luksusprodukt.

Dette er gledeleg for oppdrettarane, men medaljen har ei bakside. For det første skaper det dårleg lønsemd for dei som skal foredle laksen. Det kan tvinge fram permitteringar hos dei norske aktørane. Og frå trufaste kundar i EU, både på vidareforedlingssida og grossistsida, vert det meldt om at dei taper på norsk laks. Det er heller ikkje bra.

Det finst ei smertegrense for kva forbrukarane vil betale. Erfaringar frå tidlegare pristoppar viser at dersom laks vert for dyr, så kjem den ikkje automatisk tilbake på menyen eller middagsbordet når prisane normaliserer seg.

Prisstiginga er eit uttrykk for at atlantisk laks er eit suksessprodukt. Etterspurnaden aukar i så stor fart at produksjonen ikkje held tritt. Produksjonen i Norge flatar ut, og i Chile har algeoppbløming tatt knekken på 90.000 tonn laks, i kjølvatnet av vêr-fenomenet El Ninjo.

I den økonomiske teorien er løysinga på problemet enkelt. Det er å auke produksjonen. Mykje tyder på at det ikkje står på fiskeriminister Per Sandberg. Han har nok ikkje noko imot å dele ut nye laksekonsesjonar, noko han i utgangspunktet kan gjere når han vil.

Det er berre ein liten hake ved det heile. Stortingsmeldinga om Havbruk frå 2015 lova vekst, men samstundes var det vedtatt at: «regjeringen vil nytte miljømessig bærekraft som den viktigste forutsetningen for å regulere videre vekst i oppdrettsnæringen.»

Omsynet til naturen skal kome før omsynet til vekst, med andre ord.

Dette prinsippet er i stor grad årsaka til at lakseproduksjonen i Norge truleg ikkje aukar i år.

Laksenæringa har store problem med å halde luse-talet nede. Difor har det dei siste åra ikkje blitt tildelt nye konsesjonar – i alle fall ikkje ordinære konsesjonar. Når det likevel har blitt vekst nokre år, skuldast det at oppdrettarane har utnytta dei eksisterande konsesjonane meir effektivt. Nyleg lempa også fiskeriministeren på regelverket slik at det vert mogleg å få meir ut av kvar enkelt konsesjon.

For økonomar er høge prisar eit varsku om at det vert produsert for lite, og presset på å dele ut nye konsesjonar vil nok berre auke. Men det kan vere grunn til å minne om at det har vore brei politisk semje om at miljø og berekraft må kome først.

Det finst mange døme på kva som skjer når lakseoppdrett ikkje spelar på lag med naturen. I Chile har oppdrettarane hatt mykje friare tøyler enn i Norge. Det har slett ikkje gått så bra.