Før vi teiknar nye regionkart med regionar på storleik med fleire sjølvstendige statar, bør vi kanskje sjå litt på kva regionane skal styre med. Slike kjemper er det ikkje grunnlag for med dei oppgåvene regjeringa vil gi dei.

Framleis er det mange som drøymer om å samle Vestlandet til ein region under eitt folkevald styre. Det vil gi ein region med heile 1,4 millionar innbyggjarar. Det er snart ein million fleire enn det nye Trøndelag vil få og meir enn dobbelt så mange innbyggjarar som Oslo.Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) frå Hornindal gjorde seg seinast i går til talsmann for ein slik gigant. Til å vere representant for eit parti som helst vil bli kvitt fylka som forvaltningsnivå, er det store tankar å snakke varmt for ein slik region.

Les fleire saker om kommunereforma.

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) la i april fram stortingsmeldinga om regionreforma. Der vart det slått fast at vi skal ha rundt 10 regionar til erstatning for dagens 19 fylke. Oppgåvene skal, med nokre mindre tillegg, i all hovudsak vere som i dag.

Dette er rammene Regjeringa har sett for reforma. I eit slikt bilete er det vanskeleg å sjå for seg kvar ei gigantisk vestlandskjempe skal ha sin plass. Skulle vi hatt så store regionar, måtte vi ha sett ein heilt annan reform frå Regjeringa si hand.Det er meiningslaust å rigge ein slik region for at den skal ha ansvar med vidaregåande skular, tannhelsestell og vegar. Vi snakkar om ein region som ville vore større enn Estland i folketal, og dei har som kjent både eigen utanrikspolitikk og forsvar.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Vestlandet heng i hop på mange måtar, både i næringsstruktur og kulturelt. Det betyr likevel ikkje at det må samlast under eitt styre. Felles identitetskjensle er ikkje grunnlag nok for å danne gigantregionar.

Om Lødemel og andre som deler hans syn, meiner alvor med regionstorleikar som vil dele landet inn i fire i staden for ti, må dei først sørge for at Regjeringa legg heilt andre oppgåver i potten enn no. Regionane må ha musklar som harmonerer med kroppen. Gigantregionar utan musklane som trengst, vil uansett ha store problem med å stå på føtene – enn sei å gjere gagns arbeid til beste for folket. Difor er det like godt å la tanken om dei ligge.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!