Leiar 16. august:

«Nyttig samarbeid med studentar»

Fra fadderuka 2014 på Høgskolen i Ålesund. Nå har NTNU inntatt lokalene på Nørve og Ålesund er blitt universitetsby.  Foto: Nils Harald Ånstad

Det er eit konstruktivt innspel, som bør følgast opp snarast

Leder

I dag er det offisiell opning av studieåret ved Høgskulen i Volda, og i morgon er det klart for immatrikuleringssermoni ved nye NTNU Ålesund. Hundrevis av ungdommar skal gjere seg kjent med Sunnmøre for første gong, og det er avgjerande at dei blir møtt på ein god måte. Medan Volda har skaffa seg eit namn som den beste studentbygda i Norge, er Ålesund i startfasen med å etablere seg som universitetsby.

I Sunnmørsposten laurdag etterlyste leiaren for Studentparlamentet i Ålesund, Gjermund Kvernmo Langset, eit samarbeidsforum med kommunen som gjer det mogleg for studentane å bli høyrd i ulike saker. Det er eit konstruktivt innspel, som bør følgast opp snarast.


Krever en mer studentvennlig by

– Hvis Ålesund skal reklamere seg som en universitetsby, må de først legge til rette for studentene, sier Gjermund Kvernmo Langset i Studentparlamentet i Ålesund.


Trondheim blir brukt som døme på korleis eit slikt samarbeidsforum kan fungere. Trondheim studentråd er eit rådgivande organ for formannskap og bystyre. Trondheim har ein klar ambisjon om å bli den beste studentbyen i Norden, og har underteikna avtale med både NTNU, næringsliv, fylkeskommune og fleire organisasjonar om å gjere byen endå meir attraktiv for studentar. Ingen tvil om at dette samarbeidet har positiv effekt, både på kort og lang sikt. Denne Trondheimsmodellen var også utgangspunkt for partnarskapsavtalen «StudiebygdA» som vart inngått i Volda i 2013.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

Studiebygda er eit samarbeid mellom Volda kommune, Høgskulen i Volda, Studenttinget i Volda, Studentsamskipnaden for Sunnmøre, Volda Næringsforum, Volda frivilligsentral, Sunnmøre Kulturnæringshage og Møre og Romsdal fylkeskommune. Målet er å styrke studiestaden Volda og skape betre kontakt mellom innbyggarar, studentar og nye tilflyttarar. Det å ha ein arena der ein kan snakke saman og utveksle idear er svært nyttig. Ålesund kommune kan gjerne innhente erfaringar frå både Volda og Trondheim når det gjeld samarbeid med studiemiljøa.



Sjølv om det faglege tilbodet er viktigast når ungdom skal velje studiestad, må ein ikkje undervurdere verdien av eit godt studentmiljø. Ålesund var lenge – saman med Samisk Høgskole i Kautokeino – den einaste institusjonen for høgare utdanning i Norge utan eige studenthus. Det var mildt sagt dårleg reklame for byen. Så vart Studenthuset Banken etablert på Nørve i 2011 – og i dag er dette huset blitt altfor lite. Studentane ønskjer seg eit hus i sentrum, og dei bør bli høyrd. Både administrativ og politisk leiing i Ålesund har gitt uttrykk for vilje til å finne løysingar, og det er eit godt utgangspunkt.

Byutviklaren i Ålesund tek til orde for å finne ei mellombels ordning, i staden for å vente til den planlagde kulturhamna på sørsida står ferdig. Det er ein god ide, som sikrar at arbeidet ikkje stoppar opp. Kva som kan vere ei god mellombels løysing, er det behov for innspel om. Det kan gjerne bli tema for første møte i eit nystarta samarbeidsforum mellom studentar og kommune. Og då er arbeidet i gang.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!