Langt fleire norske arbeidsplassar ville ha blitt flytta ut av landet om det ikkje var for arbeidsinnvandringa frå Aust-Europa, og særleg då frå Polen. Dei siste 25 åra, etter Berlinmurens fall og sovjetimperiet sitt samanbrot, har nesten 20 millionar menneske i dei tidlegare kommuniststatane brote opp og flytta til Vest-Europa.

Ein studie frå Det internasjonale pengefondet (IMF) fortel at denne flyttestraumen svarar til 5,5 prosent av det samla folketalet i dei sentrale, austlege og søraustlege europeiske landa. Etter kvart som dei fleste av desse landa er blitt medlemer i EU og blitt ein del av den opne arbeidsmarknaden, har straumen skote fart, og det er særleg dei med høgare utdanning og med fagutdanning som reiser.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

15,5 prosent av alle polakkar med høgare utdanning har reist til Vest-Europa, der dei gjer stor nytte for seg, men sjølv om dei sender pengar heim att, så svekkjer dei likevel vekstkrafta i heimlandet. Forgubbing er blitt eit stort problem både på Balkan og i Baltikum.

Resultatet er at dei offentlege utgiftene til pensjon og helse- og omsorgstenester legg beslag på ein stendig større del av bruttonasjonalproduktet. I Vest-Europa har denne arbeidskraftreserven vore med på å halde prisar og lønnsnivå i sjakk, og gjort varer og tenester meir konkurransedyktige.

Men mange av arbeidsinnvandrarane har også utkonkurrert særleg lokal ufaglært arbeidskraft, og i Storbritannia blir det hevda at frustrasjonen over det var ein hovudgrunn til at det vart eit knapt fleirtal for utmelding frå EU. Den frie arbeidsmarknaden vart for tung å svelge.

Følg Sunnmørsposten debatt på Facebook!

Sjølv om mange polakkar har reist heim att som følgje av auka arbeidsløyse her i landet, er det liten tvil om at dei vil kome att når tidene betrar seg. Mange har også slått seg ned her i landet, og også britiske styresmakter har sagt at dei austeuropeiske arbeidstakarane fritt kan bli verande sjølv om dei blir slutt på den frie arbeidsinnvandringa.

Straumen av unge velutdanna frå aust til vest i Europa vil over tid kunne skape ei levestandardskløft som ikkje minst blir eit problem for EU. Dess fattigare og meir svekka desse landa blir, dess meir forlokkande blir arbeidsmarknaden i dei rikare landa i vest.