Det nasjonale styringssignalet går ut på at også i framtida skal Ålesund sjukehus vere det mest spesialiserte sjukehuset i Helse Møre og Romsdal HF, og i heile helseregionen skal Ålesund vere sjukehuset som har høgast grad av spesialisering etter St. Olav. Det er grunn til å stille spørsmål ved realismen i denne målsettinga når det nå er vedteke at Helse Møre og Romsdal må spare heile 600 millionar kroner innan 2021 for å få råd til å bygge nytt sjukehus på Hjelset og nytt distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Det må sparast 100 millionar kvart år. Historia har vist at det knapt lar seg gjere utan at det går ut over pasientane. Sidan spareplanen vart vedteken i 2014 har det vore raude tal kvar månad i høve til styringskravet. Pasientstraumen med rett til behandling innan gitte fristar kan sjukehuset gjere lite med, og det er igjen grunn til å spørje om ikkje Ålesund sjukehus er underfinansiert, om finansieringsmodellen er feil?

Kristiansund misser sjukehuset sitt, men har ein tydeleg ambisjon om at det distriktsmedisinske senteret skal vere så likt eit sjukehus som råd er. Det å ha kirurgisk og anestesikapasitet både på Hjelset og i Kristiansund med tre kvarters reiseavstand imellom er sløsing med ressursar, og kostnaden må heile helseføretaket, inkludert Ålesund og Volda bere. Helseføretaket må fjerne 100 årsverk. Det lar seg saktens gjere i ein stor organisasjon, men det lar seg ikkje gjere kvart år utan at det går ut over pasientane.

Føretaket må ta opp store lån som skal betalast tilbake. Det vil svekkje evna til å investere i oppgradering av utstyret og ikkje minst evna til vedlikehald. Det snart 50 år gamle sjukehuset i Ålesund treng sårt ei modernisering, og også i Volda er vedlikehaldsbehova store. Til saman er det snakk om milliardsummar som må vike plass for nytt sjukehus og nytt distriktsmedisinsk senter i Romsdal og på Nordmøre. Det kan spøkje for Volda. Over nyttår vil spørsmålet om å oppretthalde akuttkirurgien ved sjukehuset melde seg på nytt, og for kvar innsparingsrunde blir det ikkje enklare. For Ålesund sin del vil målet om å vere det mest spesialiserte sjukehuset i Møre og Romsdal også bli utfordra dess eldre utstyr sjukehuset har og dess meir nedslite det blir, mens det nye sjukehuset på Hjelset i 2021 vil vere topp moderne.

Trass i innsparingar og kutt i talet på tilsette så leverer Ålesund Sjukehus og sjukehuset i Volda framifrå tenester til omlandet sitt. Dei tilsette gjer ein kjempejobb, og det er ikkje vanskeleg å forstå at det er frustrerande å måtte ta imot stendig nye sparekrav når det er aukande behov som hopar seg opp. Desto viktigare er det at det ikkje blir brukt ei krone meir enn nødvendig på det nye helsetilbodet i Romsdal og på Nordmøre. Sjukehuset på Hjelset skal vere det einaste, og det skal byggast så nøkternt som råd er. I Kristiansund skal det vere poliklinikk, men ikkje dagkirurgi, ikkje anestesi og ikkje døgntilbod i spesialisthelsetenesta. Omkampane må no vere over, og det er på tide at alle prøver å dra lasset i fellesskap, for det er snakk om litt av eit lass.