Den framståande generalen Robert Mood har stilt seg undrande til at Norge skal ha råd til å fjerne dei fleste spor av forsvar i to så dynamiske og vekstkraftige regionar som Møre og Romsdal og Agder-fylka.

Han har eit poeng. Det er ei skam å legge ned HV 11 og hovudkvarteret på Setnesmoen.

Den koordinerande funksjonen blir flytta ut av fylket, og kommandolinene blir lengre og fjernare.

HV 11 spelar ei avgjerande rolle for all slags beredskap i dette fylket.