I dag legg Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fram sitt syn på korleis kommunestrukturen i fjordfylket bør bli. Mandag kjem fylkesmann Lodve Solholm etter med sitt framlegg for Møre og Romsdal.

Ingen av desse framlegga kjem til å bli ein blåkopi av resultata frå folkerøystingane om kommunesamanslåing tidlegare i år. Spørsmålet er ikkje om dei kjem med framlegg som trassar folkeviljen, men i kor stor grad det kjem til å skje.

Les flere saker om kommunereforma.

Kritikken har hagla mot fylkesmennene, med påstandar om at dei har innteke ei politisk rolle. Første skyteskiva var fylkesmann Helen Bjørnøy i Buskerud. Ho la fram utkast til framtidig struktur alt i mai og, saman med fleire andre fylkesmenn, sitt endelege framlegg i går.

Med det som har kome fram i prosessen, har kontrollkomiteen teke opp saka. Fylkesmannen Lars Sponheim sitt spark til to Hordaland-kommunar om «å ha ballar til å gjera jobben sjølve» er eitt døme som får komitéleiar Martin Kolberg til å spørje om dette er god embedsførsel.

Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité ber derfor kommunalminister Jan Tore Sanner (H) om å svare på fem spørsmål om fylkesmennene si rolle. Komiteen spør mellom anna om fylkesmennene har mandat til å overprøve kommunestyra sine vedtak.

Kan du svare? Få svar på det du lurer på om kommunereforma

Svaret er «ja». I oppdragsbrevet frå Regjeringa heiter det at dei skal gjere ei sjølvstendig vurdering av kommunestyrevedtaka og leggje vekt på heilskapen i regionen og fylket. Fylkesmannen skal også vurdere om dei lokale vedtaka opp mot hovudmåla i reforma.

Ein kan like det eller ikkje, men det er dette oppdraget fylkesmennene har fått. Det betyr også at dei kan gjere vurderingar som går på tvers av folkeviljen og kommunestyrevedtak, men det betyr ikkje at dei med dette trassar igjennom tvangssamanslåing.

Det ansvaret og det myndet er det berre Stortinget som har, og det ansvaret må Stortinget ta. Fylkesmennene gir eitt bidrag til saksgrunnlaget. Det ville vore ugreitt om deira mandat skulle vere forma ut slik at Stortinget skulle sleppe å ta dette ansvaret.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!