I kampen for å utrydde fattigdom på verdsbasis har utdanning vist seg å vere eit av dei mest effektive tiltaka. Derfor er det positivt at hjelpeorganisasjonen North-South Partnership i Ålesund sørger for at fleire hundre barn i slummen i Kenya får mat og skuleplass.

No jobbar organisasjonen med å realisere planane om ein landsby for foreldrelause barn i Voi i Kenya. Målet er at stadig fleire barn skal få utdanning og dermed håp om betre framtid.