Dette kjem fram av rapporten «Kvaliteten på det norske veinettet» som vart overrekt til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i går.

Korkje han eller andre burde overraska over at det framleis er eit betydeleg vedlikehaldsetterslep.

Etter at fylka overtok ein stor del av dei statlege vegane i forvaltingsreforma i 2010, gjekk det ikkje lang tid før det vart klart at dei hadde fått «katta i sekken».

Vedlikehaldsetterslepet var enormt. Sjølv om løyvingane til veg har auka kraftig, er det naivt av ministeren å tru at alt no var OK.

Det er ikkje tvil om at den sitjande regjeringa har vore meir raus enn den føregåande. Tilstanden ville vore mykje verre om det ikkje hadde skjedd eit heilt naudsynt taktskifte med regjeringsskiftet i 2013. Fjoråret var då også det første året der det var løyvd nok til å stoppe forfallet.

Likevel peikar altså pila feil veg i fleire fylke.

Sogn og Fjordane har den dårlegaste vegstandarden i landet, medan forfallet aukar altså mest i Møre og Romsdal.

Samferdselsministeren har forståing for at fylka no slit med gamle statlege synder, men vil likevel ikkje ta ansvar for dei som slit mest.

Solvik-Olsen syner til dei auka løyvingane frå staten, og seier at det er fylkespolitikarane som har ansvaret for at vegstandarden blir dårlegare.

Det er ei grov overforenkling.

Ei krone til veg rekk ikkje like langt i alle fylke. Det er langt lettare å byggje ut og vedlikehalde vegane i Vestfold enn på Vestlandet.

Kystfylka har til dømes store utgifter til vedlikehald og oppgradering av tunnelar som ikkje er fullt ut kompensert.

I tillegg stel ferjedrifta frå vedlikehaldsbudsjetta.

Kostnadane til ferjedrifta har eksplodert dei seinare åra.

Anboda har auka med rundt 40 prosent, og dette råkar eit ferjefylke som Møre og Romsdal hardt.

Fylkespolitikarane har skrapa pengar frå asfalten for å få dette til å gå i hop.

Før samferdselsministeren klandrar fylkespolitikarane, bør han rette opp i denne skeivfordelinga.