Det finst mange døme på at effekten av kuttvedtaka er blitt mindre enn planlagt fordi land lurer seg unna. Sjølv om alle blir med, så vil det ta tid å få oljeprisen så mykje opp at aktiviteten når det gjeld leiting og boring i nye felt vil ta seg opp. Det er det som er viktig for offshore-flåten her heime. Ein viktig grunn til det er at USA aukar produksjonen sin av skifterolje.

Nedgangen i oljebransjen har ført til stillingskutt på over 40.000 tilsette. Nedgangen har også ført til reduksjon i inntektene til staten på frå 408 milliardar i 2012 til 121 milliardar i år. Det svir merkbart sjølv om vi har eit fond å ta av.

Likevel er det mange lyspunkt. Ikkje minst har næringa både på sjø og land kutta kostnader. Ein analyse frå Oljedorektoratet av åtte planlagde utbyggingsprosjekt som nærmar seg oppstart, viser at kostnaden ved å bygge ut eit felt i gjennomsnitt har falle med over 40 prosent sidan hausten 2014. Enklare utbyggingskostnader og meir effektiv boring er forklaringa, men heller ikkje supplybåtane kan rekne med dei same ratene som før. Talet på boreriggar i operasjon går framleis nedover, og det blir neppe bygd nye riggar på mange år. Det gir færre oppdrag for supplynæringa.

Oljeprisen viser positive teikn, og prognosene flyttar seg frå 40 til 60 dollar pr. fat. Det er også eit faktum at over halvparten av ressursane på norsk sokkel står att å utvinne. Ikkje alt dette vil bli henta opp, men det store Sverdrup-feltet som er under utbygging, har ei planlagt driftstid på 50 år, så oljenæringa kjem avgjort til å vere vår største næring i fleire tiår framover. 270.000 arbeidsplassar skaffar denne næringa framleis, og det gir inntekter som nasjonen Norge sårt vil trenge når eldrebølgja slår innover land for alvor om nokre år.

Forbruket av olje og gass vil nok gå sakte nedover etter kvart som utsleppsfrie alternativ vinn terreng, men ikkje minst i utviklingslanda vil bensin og diesel framleis i mange år vere det viktigaste drivstoffet, og auka bruk av gass må erstatte brenning av meir forureinande kol.