Fylkestinget sitt ja til Nordøyvegen markerer ein viktig samferdslepolitisk milepæl for Sunnmøre, og utløyste velfortent jubel frå dei mange frammøtte. For innbyggarane på Nordøyane er dette starten på ei ny tid.

Og det er på høg tid. Nordøyane har lenge stått i ein utfordrande posisjon når det gjeld vidare utvikling. Framleis held eit svært livskraftig næringsliv stand ute på øyane, men det er ikkje tvil om at manglande vegsamband er eit handikapp.

Ingen kan seie at vegen fram til vedtaket har vore lett. Prosjektet hadde aldri kome så langt utan eit ustoppeleg pågangsmot frå mange eldsjeler og modige fylkespolitikarar. Utan økonomisk medverknad lokalt og kreative løysingar på finansiering, ville ikkje prosjektet ha vore livskraftig.

Kritiske røyster har heller ikkje vore mangelvare, og mange har kjent seg motarbeidde. Særleg fylkesrådmannen har vorte skulda for å motarbeide Nordøyvegen, og kanskje vore meir kritisk enn han etter lova er pålagd å vere.

Etter at Møre og Romsdal fylke no har gjort forpliktande vedtak om finansiering og garantiar, gå no saka vidare til Vegdirektoratet og Samferdsledepartementet før den til slutt skal landast i Stortinget. Stortinget kan gjere vedtak til våren.

Sjølv om både departementet og direktoratet skal gå kritisk gjennom prosjektet før det går til Stortinget, skal det mykje til at desse grip inn. Prosjektet er grundig gjennomarbeidd, delvis på grunn av motbakkane som no er unnagjort. Vegen vidare blir no ein sjarmøretappe inn i ei ny tid.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!