Framstegspartiet har mang ein gong nytta seg av såkalla dobbelkommunikasjon. Politikarane frå same partiet har meint både det eine og det andre. Det kan gjere at potensielle veljarar kan velje kva for politikar dei vil høyre på, men heilt ærleg er det vel ikkje. Når fiskeriminister Per Sandberg, som også er nestleiar i Frp, meiner at Norge bør reforhandle EØS-avtalen, og aller helst melde seg ut, så er det i strid med den politiske plattforma regjeringa er tufta på, og også i strid med Frp sitt program.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Endå verre er det at den fiskerinæringa han er statsråd for, ville ha lidd store tap. Går Norge ut av EØS vil protokoll 9 i EØS-avtalen også falle bort, og det hadde medført at norsk fiskerinæring hadde tapt tollfritak på dei fleste kvitfiskslag vi i dag eksporterer. Dei fleste produkt ville ha møtt toll på mellom 10 og 20 prosent. Sandberg ville ha røysta mot EØS-avtalen i ei folkerøysting, men vedgår at som statsråd er han bunden til å vere tilhengar av EØS.

Det har Hagen tenkt å få til ved å kjempe for tre saker; høgare pensjonar, kamp mot innvandring og fornekting av at vi har ei klimakrise og at jorda blir varmare. Han blir sitert på følgjande: «Det var to grader varmere i vikingtida, og da var det ikke så mange som kjørte rundt i dieselbil». Han motset seg altså den avtalen om reduksjon i utslepp av klimagassar som Norge og dei fleste seriøse landa i verda har slutta seg til, og som vi har forplikta oss til å følgje. Med Frp sine stemmer. Han ønskjer å sanke stemmer på klimaskepsisen, men veit at viss han kjem på Stortinget så må han følgje partiet si line, og i stor grad må han også fornekte seg sjølv om han meiner at vi ikkje har nokon klimatrussel retta mot oss.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

Truleg vil også Storbritannia kome til det, når folket får tenkt seg om. Her i landet har vi framleis eit bastant nei-fleirtal på 70 prosent i synet på medlemskap i EU, men dei siste målingane viser trass alt at det no er eit lite fleirtal for EØS-avtalen. Meiningsmålingar viser at det berre er eit lite mindretal som vil seie opp den avtalen. Vi har kanskje ikkje så stor makt i EU, men vi har ein stor fordel som vi ikkje må misse.