Venstre og Kristeleg Folkeparti sin kraftige reaksjon på utskiftinga av justisminister lovar dårleg for det borgarlege samarbeidet. Måten det vert protestert på, er svært spesielt.

Erna Solberg må ha lov til å sukke oppgitt når dei to samarbeidspartia kallar inn til eigen pressekonferanse i forkant av hennar statsrådspresentasjon. To parti som faktisk har underskrive ein samarbeidsavtale som sette Framstegspartiet i regjering, bør ikkje vere overraska ei slik utnemning.

Kritikken mot utnemninga av Per-Willy Amundsen som justisminister går på at han har stått for kontroversielle standpunkt i klimapolitikken. Han rettar sjølv ikkje akkurat på inntrykket på sin første statsrådsdag med å vere blankt uvitande om at han, som minister med ansvar over polarområda, har klimapolitikk som eit viktig arbeidsområde.

Likevel er det ikkje slik at han kan drive sin private klimapolitikk. Han både vil og må stå for det som er regjeringa sin klima- og asylpolitikk, men vil sjølvsagt innanfor dei rammene også fronte Frp sine hjartesaker. At Frp vil drive mest mogeleg Frp-politikk, bør ikkje overraske sentrumspartia.

Like klare er dei på at dei sjølve vil vere ein del av denne, men utan å dele seng med Frp. Ein kontinuerleg konfrontasjon med Frp for å kome under fellen med Høgre, kan vere strategien, men det kan også vere eit høgt spel.

Så langt har ikkje dei to samarbeidspartia klart å vekse seg store på ein slik strategi. Like sannsynlege utfall av ei slik line kan vere at dei anten styrkar Frp eller skaper inntrykk av borgarleg kaos – og dermed banar vegen for Jonas Gahr Støre i sjefsstolen med KrF og Venstre på sidelina.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!