Det var NRK som i førre veke avslørte dette.

IT-arbeidarar i India har i lengre tid hatt tilgang til naudnettet gjennom underleverandøren Broadnet, sjølv om dette er i strid med Sikkerhetsloven.

Naudnettet er eit landsdekkande, digitalt radiosamband for politi, brannvesen, helseteneste og andre viktige samfunnsfunksjonar som skal sikre god kommunikasjon i krise og terrorsituasjonar.

Det er slått fast i lovs form at dette spesialnettet, som er avgjerande for Norges tryggleik, skal driftast frå Norge. Stortinget, PST og Slottet står også på kundelista til naudnettet.

Heilt tilfeldig oppdaga ein vaken ingeniør at ein indisk IT-tilsett jobba direkte mot naudnettet frå India.

Dette skjedde like før jul i fjor, og ingeniøren varsla sine overordna om forholdet, ifølge NRK.

Seinare har det kome fram at fleire indiske arbeidarar har hatt så omfattande tilgang til det norske naudnettet at dei i praksis kunne ha stengt det heilt ned – utan at norske styresmakter kunne ha hindra det.

Denne skandalen må få konsekvensar.

Naudnettet vart opna 1. desember 2015, og er Regjeringas storsatsing innan samfunnstryggleik.

Sjølv om naudnettet er ei offentleg teneste som er underlagt Sikkerhetsloven, blir den drive av private, kommersielle selskap.

Alt arbeid på naudnettet skal utførast i Norge av personell som er autorisert og tryggleiksklarert. Det er det mange gode grunnar for, når ein veit kor lett det kan vere å installere fiendtleg programvare på nettet.

Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) har ansvar for å gjennomføre kontrollar med dei private selskapa som har driftsansvar på naudnettet, men dei siste dagane har det kome fram at denne kontrollen har vore prega av mangelfulle rutinar. Det er fullstendig uakseptabelt.

Politiets Sikkerhetstjeneste (PST) skal no etterforske saka.

Det er fleire enn Broadnet som må svare for seg.

Her er det behov for full gjennomgang for å avklare kva som har skjedd, slik at kritisk infrastruktur blir sikrare i framtida.