Verdas veksande befolkning treng mat. Skal vi møte dette behovet på lang sikt, er det viktig både å auke produksjonen og å sikre ei berekraftig hausting av naturressursane. Vi må i alle fall slutte å kaste verdifullt råstoff.

Måndag fekk Nordic Wildfish AS frå Valderøy prisen som Årets nyskapar 2016 i nordvest nettopp for måten dei har tilnærma seg denne utfordringa. Med ny prosessteknologi om bord har dei satsa på å utnytte 100 % av fiskeråstoffet.

Restprodukt som tradisjonelt har blitt kasta på havet, blir om bord i trålaren «Molnes» no i staden utnytta til verdifull protein, fiskeolje og aminosyrer. Samstundes er det satsa på teknologi og prosessar som skal løfte kvaliteten på dei tradisjonelle produkta og redusere klimautsleppa.

I fiskeria går framleis store delar av restråstoffet rett i havet. Nokre meiner at ein i den havgåande kvitfiskflåten spyler over 90 prosent av dette råstoffet over bord. Ein SINTEF-rapport frå 2014 fortel at så mykje som 340.000 tonn restråstoff frå kvitfisk blir dumpa på havet kvart år.

Kampen mot det store matsvinnet er viktig både moralsk sett og frå eit berekraftsperspektiv. Når vi brukar store ressursar på å produsere eller hauste mat som vi berre kastar, sløsar vi både med mat som verda si befolkning treng og med energien som går med i produksjonen. Denne energisløsinga er også skadeleg for klimaet.

I tillegg treng vi bedrifter som både er villige til å satse og å ta risiko for å utvikle kommersielt lønsame løysingar tufta på berekraft. Ei slik vilje har Nordic Wildfish vist at dei har.