Dette er unge asylsøkjarar som er rivne laus frå røtene sine. Dei har kome til eit land der dei ikkje kjenner språket og kulturen. Dei er langt frå sitt naturlege nettverk og familien sin, og har i stor grad blitt sitjande på vent i uvisse.

Asylmottaka fortel om stress, depresjon, gjentekne sjølvmordsforsøk, sjølvskading og utagering. Uansett kvifor dei har hamna i ein slik situasjon, så fortener dei alle at vi stiller opp for deira liv, helse og menneskeverd.

Dette er ei samansett gruppe med ulike grad av utfordringar. Men mange har ein tung bagasje. Nokre har flykta frå krig. For andre er det sjølve flukta hit som har sett spor i tillegg til livskrisa tap av vener og familie betyr.

Einslege, mindreårige asylsøkjarar er den mest sårbare av alle grupper barn, og treng tett fagleg oppfølging og ikkje minst meiningsfulle aktivitetar og eit sosialt nettverk. Dei tilsette ved asylmottaka gjer ein god jobb, men mottaka er ikkje bemanna for å takle dette.

Både styresmakter og lokalsamfunn må ta ansvar i denne situasjonen. Først og fremst må dei som treng bistand for psykiske og psykososiale problem, få eit forsvarleg helsetilbod i det ordinære behandlingsapparatet. Mottaka må også bli betre rusta og bemanna, eventuelt at det blir etablert eigne mottakseiningar for dei som slit.

Så må vi som lokalsamfunn stille opp. Sosial integrasjon er viktig for den psykiske helsa. Gode sosiale nettverk er avgjerande for å unngå psykiske problem. Heldigvis stiller både idrettslag, studentforeiningar og andre opp, men vi er fleire som kan gjere ein viktig innsats.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!