Helse Møre og Romsdal risikerer tiltale og dom i den såkalla Sebastian-saka. Helseføretaket har alt teke sjølvkritikk etter at ti månader gamle Sebastian Gils Ødegaard døydde, men siktinga er med på å understreke både alvoret og ansvaret.

For foreldra til Sebastian har dette sjølvsagt vore ei stor tragedie og ei stor påkjenning. For dei er det særleg viktig at ansvaret blir plassert, at dei kjenner at saka er blitt teken alvorleg nok og ikkje feia under teppet.

Det er Politimeisteren i Møre og Romsdal som har sikta føretaket, og saka er no sendt til statsadvokaten for påtaleavgjerd. Uansett utfallet av ei eventuell straffesak, er det viktigaste no at det vert teke lærdom av det som skjedde.

Sebastian døydde under transport til St. Olavs Hospital i februar 2015 i samband med at barneavdelinga var helgestengt. Guten hadde ein medfødd, alvorleg hjartefeil og kroniske problem med luftvegane.

Helsetilsynet har tidlegare kritisert helseføretaket for å ha sett i verk helgestenginga av barneavdelinga utan å på førehand ha gjort ei grundig risikoanalyse. Helsetilsynet har også kritisert enkeltpersonar involvert i hendinga.

Men det er altså føretaket som no er sikta. Grunnlaget er nettopp manglande forsvarlegheit og manglande risikoanalyse. Føretaket kan verte straffa for brot både på Lov om spesialisthelsetenester, helsepersonellova og internkontrollforskrifta, der den siste set krav om risikoanalyse.

I ei tid med stadige diskusjonar om omorganisering, ny funksjonsfordeling og nedlegging av ulike funksjonar, er dette ei sak som fleire enn Helse Møre og Romsdal må merke seg.

Men omsynet til pasienttryggleiken må alltid vere det viktigaste, og endringar kan ikkje gjennomførast utan grundige risikoanalysar. Vi må lære av Sebastian-saka, og denne saka bør få konsekvensar for korleis vi organiserer spesialisthelsetenesta i framtida, særleg akuttfunksjonane.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!