Reiselivsnæringa i Norge er i medvind. Med draghjelp frå ein lav kronekurs har talet på besøkande, tilsette og omsetninga auka sterkt dei seinare åra. Næringa ser ut til å ha utvikla seg og klart seg godt utan ei reiselivsmelding.

Men i går kom den altså, den første reiselivsmeldinga sidan 1999. Næringsminister Monica Mæland presenterte meldinga for fornøgde representantar for næringa i Tromsø. Den responsen ber nok preg av at næringa går godt om dagen.

For dette er inga melding som løftar næringa opp og fram, korkje med konkrete tiltak eller solide visjonar. Den skildrar greitt trendane i reiselivet og nokre av utfordringane, men er meir ullen når det kjem til svara.

Mellom tiltaka finn vi lettingar i formuesskatten på hotell og overnattingsstadar. Det skal skje ved ei vesentleg auke i verdsettingsrabatten. Dette er eit godt tiltak. Trass besøksauke slit framleis mange hotell med lønsemda.

På lista over tiltak finn vi også ei tilskotsordning til Nasjonale turstiar, forenkling og reduksjon i talet på tilsyn og kontrollar. Regjeringa lovar også å utarbeide ein strategi for kultur og reiseliv og opprette eit råd for kultur- og reiseliv.

Når det gjeld den store pengesekken, Innovasjon Norge, ligg det ikkje konkrete lovnader om anna enn at arbeidet med marknadsføring av Norge som reisemål skal evaluerast. Elles peikar meldinga i hovudsak på tiltak som ikkje er særleg meint for reiselivsnæringa.

Hadde dette blitt presentert for ei næring som var i krise, ville det blitt bråk om dette var alt som kom etter 17 år. At næringa med NHO-direktør Kristin Krohn Devold i spissen tar imot den med eit høfleg nikk, er likevel ingen målestokk.

Meldinga inneheld mange mindre enkelttiltak, men Norge bør ha ein klarare visjon for korleis denne næringa skal utvikle seg enn dette – både når det gjeld mål og i vektlegging av korleis den kan utvikle seg i tråd med berekraftsmåla.

Tilrettelegging av Nasjonale turstiar er vel og bra, men dei store utfordringane når det kjem til berekraft må ha tydelegare svar. Reiselivsnæringa har eit stort utviklingspotensiale, og det må vi ta ut – utan å skade grunnlaget det byggjer på.