Fiskeriminister Per Sandberg har erta på seg alle med sitt framlegg om å setje eit knapt 20-tals torsketrålarar fri frå pålagde plikter. Når ingen er fornøgde og alle er sinte, er det ofte eit teikn på at ein er på rett spor til å løyse ei konflikt.

No er saka lossa over på Stortinget der det neste store torskeslaget vil stå. Fiskebåtreiarar, kystfiskarar og politikarar frå dei nordlegaste fylka har allereie fyrt opp lobby-maskineriet for å sikre seg sine interesser.

Uansett er det ikkje i nokon si interesse at ingenting skjer. Pliktsystemet er ei ordning der best-før-datoen er passert for lenge sidan. Dette er ordningar som vart etablerte i ei heilt anna tid. Dei fungerer ikkje, og må rett og slett avviklast.

I si tid vart ordningane innført som distriktspolitiske virkemiddel. Dei skulle sikre sysselsetting ved anlegg på land i dei tre nordlegaste fylka. I tiårsvis har den største effekten av dei vore at dei har gitt næring til harde konfliktar mellom dei som meiner at storkapitalen i sør har uthola pliktene og dei som ville ha større fleksibilitet.

Ordningane har vore lappa på og utvida for å tette hol, men det er i dag likevel vanskeleg å sjå nytteverdien. Leveringsplikta blir til dømes i dag i stor grad etterlevd, men likevel syner anslag at minst 90 prosent av fangsten i ordninga blir omsett fritt i råfisklaget sitt distrikt.

Reglane for tilbodsplikt, aktivitetsplikt og bearbeidingsplikt er i tillegg med på å sementere strukturar på ein måte som gjer dei til ein bremsekloss for utvikling og til hinder for sunn, lønsam drift. Ordningar som kun tener som drivstoff i ein symbolpolitisk krangel, bør ikkje haldast kunstig i live.

Spørsmålet er difor ikkje lenger korleis ein kan tette hol denne utdaterte trålposen av planøkonomisk tankegang. No bør ein finne ut korleis ein kan avvikle forelda ordningar. Det bør skje på ein måte som best mogeleg tar vare på dei ulike interessene, både næringsinteresser og dei regionale.

Det bør ikkje skje ved ei dramatisk svekking av dei distriktspolitiske omsyna. Bortfall av ordningane bør kompenserast på ein måte som sikrar utviklingskraft både for næringsinteressene og dei berørte kystsamfunna.