Ei 11 år gamal jente på veg heim frå skulen vart brutalt meia ned av ein mann som brukte lastebil som drapsvåpen. Fredag var det Stockholm som vart råka av terror. Fire vart drepne, og 15 skadde. Det grufulle og feige åtaket på forsvarslause menneske vitnar om eit hat som er vanskeleg å fatte.

Etter at IS for eit par år sidan gjekk ut med oppmoding til sine tilhengarar om å bruke alle tilgjengeleg middel, også bilar, for å drepe dei «vantru», er det gjennomført blodige aksjonar i mange europeiske byar. Palmesøndag vart fleire personar i Egypt drepne, då kyrkjer vart bomba.