Kunnskapsdepartementet reknar med at det vil vere behov for over 35.000 nye lærarar dei neste ti åra.

For Møre og Romsdal sin del er behovet 2.200 nye lærarar. Det vil seie 220 nyutdanna kvar haust for å erstatte både ufaglærte og pensjonerte lærarar. Størst er behovet for motiverte lærarar som kan undervise dei minste barna i grunnskulen.

Frå det komande studieåret blir lærarutdanninga femårig. Mange har frykta at forlenga lærarutdanning, i kombinasjon med høgare karakterkrav i matematikk, skal føre til færre søkjarar og dermed endå større lærarmangel i framtida. Men det å heve krava til framtidige lærarar, kan også få motsett effekt. Den gode læraren må ha høg fagleg kompetanse, talent for leiarskap og vere ein god formidlar. For samfunnet er det viktig at dyktige ungdommar vel å satse på læraryrket, slik at ein er sikra god rekruttering. Undersøkingar viser at kvaliteten på læraren er det som i størst grad påverkar skuleresultata.

Søknadsfristen til høgare utdanning går ut laurdag. For å få fleire til å velje lærarutdanning, har regjeringa og samarbeidspartia etablert ei ny ordning for ettergiving av studielån for studentar som fullfører femårig lærarutdanning. Med gode utsikter til fast jobb, og samtidig ettergiving av studielån, skulle ein tru at lærarutdanninga ville vere eit attraktivt alternativ for mange.

I fjor haust var det 2 590 fleire studentar på dei ulike lærarutdanningane enn året før, ifølge Statistisk sentralbyrå. Det er ei positiv utvikling. Men fleirtalet av studentane vil undervise dei eldste elevane framfor dei yngste i grunnskulen. Derfor har svært mange studieplassar ved lærarutdanninga for 1.–7. klasse stått tomme.

Det må det bli ei endring på, dersom barna skal få eit best mogleg undervisningstilbod i framtida.