Kommunar, stat og offentlege verksemder kjøper inn varer og tenester for rundt 400 milliardar kroner årleg. Det seier seg sjølv at det må vere klare reglar og god kontroll med korleis desse pengane blir forvalta.

Dessverre skjer det altfor ofte brot på sjølv dei enklaste delane av dette regelverket. Innkjøp for store summar vert gjort utan opne anbod og konkurranse og utan at det vert inngått gyldige kontraktar.

Mangel på konkurranse er uheldig både for det offentlege og for næringslivet. Mangel på kontraktar gir mangel på kontroll på kvaliteten på tenestene. Mangel på openheit gir både urettferdige konkurransevilkår og opnar for korrupsjon.

På tre år har ein privat entreprenør levert tenester til Ålesund kommune sitt avfallsanlegg på Bingsa for nær 24 millionar kroner utan at oppdraget er lyst ut på anbod. Det er heller ikkje inngått ein einaste skriftleg kontrakt.

Uansett kva som til slutt kjem ut av undersøkingane i denne saka, er dette svært alvorleg. Svak innkjøpskompetanse er ein av dei mest vanlege årsakene til at regelverket blir brote, men i denne saka bør ein ikkje kunne avskrive regelbrota med manglande kunnskap.

Her er det snakk om beløp som er langt utanfor det som enkelte kan hevde er gråsoner av tvil, og saka avdekker lag på lag av svikt. Her kan ein ikkje berre skulde på den eller dei som har gjort dei faktiske innkjøpa.

Her tyder det meste på fundamental mangel på internkontroll. Er det gjort innkjøp for 7–9 millionar årleg frå ein enkelt leverandør, bør kommunen ha såpass system at det ringer ei varselklokke på eit tidlegare tidspunkt. Omfattande, ulovlege overtidsbruk understrekar mangelen på kontroll.

Dette er eit leiaransvar, eit ansvar nokon har svikta. No blir det eit leiaransvar å rydde opp. Kravet om gransking har allereie kome. Det bør vere lett å imøtekome eit slikt krav. Her må alt kome på bordet, og vi må vere trygge på at det skjer. Kommunen bør difor hente inn eksterne granskarar, og det bør skje raskt om det er eit poeng å bevare tilliten til kommunen som ein seriøs aktør som tar samfunnsansvar.