Jobben vi gjer for å integrere personar med svak tilknyting til arbeidslivet, bør betale seg på lang sikt. Det gjeld både innvandrarar og norske borgarar. Dette er ikkje berre eit spørsmål om kultur eller etnisitet.

VG presenterte i går ein studie som syner at skilnaden mellom innvandrarar og nordmenn aukar. Den syner at integreringa går raskt i starten, men etter fem til ti år snur utviklinga. Då går fleire av innvandrarane over på trygd.

Studien gir ikkje svar på kvifor, men forskarane ser for seg at ei årsak kan nettopp vere at innvandrarane har ei laus tilknyting til arbeidslivet, og er særleg utsette for konkjunktursvingningar og nedbemanning.

Dei ti siste åra har innvandrarar stått for heile den samla sysselsettingsveksten i Norge. Ein stor del av denne veksten skuldast arbeidsinnvandring, og til ein viss grad er dette innvandring som også justerer seg med konjunkturane. Over 40.000 personar utvandra frå Norge i fjor.

Mange av dei som kjem hit som flyktningar er også utsette for dei same svingingane i økonomien, men dei blir verande sjølv om jobben forsvinn. Som tilsette i låginntektsyrke, med kort ansiennitet eller i midlertidige stillingar og med låg utdanning, er dei utsette.

Det same gjeld nordmenn i same situasjon. Har du svak tilknyting til arbeidslivet, har du lettare for å falle ut. For innvandrarar er kulturkløfter, manglande språkkunnskap og svake nettverk ekstra hindringar for integrering.

Berre rundt halvparten av flyktningane i alderen 25 til 54 år i Norge er i jobb. Dette er langt færre enn for befolkninga totalt. Dette gapet må vi gjere det vi kan for å tette, og leggje til rette for høgre yrkesdeltaking.

For dei fleste som står utanfor arbeidslivet, enten det er nordmenn eller utlendingar, har eit stort ynskje om å få delta. Både den enkelte si velferd og sjølvkjensle blir styrka når ein har eit arbeid å gå til. Vi veit mykje om kva som gjer at grupper fell utanfor arbeidslivet. I tillegg til helse er utdanning ein viktig faktor. Vi må derfor satse tyngre på dette feltet, målretta mot dei som er i risikosonen.