Det skjer av og til at staten og bondeorganisasjonane ikkje blir samde om ein ny jordbruksavtale. Då er regelen at regjeringa sender statens siste tilbod til Stortinget som forslag til ny jordbruksavtale.

Det vanlege er at stortingsfleirtalet seier ja og amen til dette. Om Stortinget skulle gi seg til å endre på statens tilbod, vil Stortinget på ein måte blande seg inn i det ein kan kalle lønnsforhandlingar mellom staten og jordbruksorganisasjonane, og over tid vil det kome til å undergrave slike forhandlingar.

Alternativet er at staten einsidig fastset statens subsidiebidrag til jordbruket, slik det er i mange andre land.

I fjor plussa stortingsfleirtalet på regjeringa sitt siste tilbod, og nettopp jordbrukspolitikken har vore eit smertebarn for regjeringa, i og med at korkje Venstre eller KrF har vore samde med Høgre/Frp-regjeringa sin jordbrukspolitikk.

I år er det valår, og det med å skvise regjeringa er nærast blitt eit mål i seg sjølv. Difor er det ikkje overraskande at det i år blir brot i jordbruksforhandlingane.

I følgje landbruks- og matminister Jon Georg Dale vil statens tilbod på 410 millionar kroner legge til rette for ein inntektsvekst i jordbruket på 2,25 prosent frå 2017 til 2018.

Statistisk sentralbyrå har rekna ut at inntektsutviklinga for andre grupper kan bli på 3,1 prosent.

Når jordbruket får tilbod om mindre, er det fordi skatten på vanleg inntekt no er redusert frå 27 til 24 prosent.

Landbruket har eit spesielt jordbruksfrådrag, og med lågare skatt, blir frådraget mindre verdt.

Det ønskjer jordbruket kompensert, mens regjeringa meiner det er urimeleg å gi kompensasjon for redusert skatt.

Utan slik kompensasjon meiner Dale at statens tilbod gir same inntektsvekst for bøndene som for andre grupper. Dette blir det garantert strid om på Stortinget, og det vil ikkje overraske om dei raudgrøne partia gjer alt dei kan for å få KrF og aller helst også Venstre til å plusse på tilbodet til bøndene.

Også andre lønnstakargrupper kan å rekne, og det kan bli reaksjonar både frå LO og andre om bøndene får mykje meir enn dei.

At bøndene fortener betre vilkår, er det fleirtal for på Stortinget, men tendensen om at Stortinget skal ta over jordbruksforhandlingane kan på sikt kome til å øydelegge denne ordninga. Det vil nok legge ein dempar på iveren.