Dette fisket trugar ikkje berre sårbare fiskebestandar og miljøet.

Verksemda er ofte også kopla med brutal, internasjonal kriminalitet og terrorisme.

Særleg i nasjonar med ei svak statsmakt, utbreidd korrupsjon og dårlege kontrolltiltak er ulovleg fiskeri og vidaresal av ulovleg fanga fisk ein kjelde til stor profitt med lav risiko. Nyleg vart det påvist kopling mellom nettverk knytt til ulovleg fiske og terrororganisasjonen al-Shabaab i Somalia.

Kampen mot dei ulovlege fiskeria er altså ikkje berre viktig for å trygge berekraftig forvaltning av fiskeriressursane og hindre urettferdig konkurranse, men også av tryggingsomsyn.

Norge har stor interesse av å stå i front i denne kampen.

I går var fiskeriminister Per Sandberg vert for eit møte mellom fiskeriministrar frå over 50 land.

Møtet er det første etter at ein avtale om hamnestatskontroll vart sett i kraft i fjor.

Denne avtalen vil mellom anna gjere det mogeleg å stenge hamner for kjende piratfiskarar.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Seinare i sommar er det også meininga å kome til semje om internasjonale retningsliner for dokumentasjon og sporing av fangst frå «sjø til bord».

Det vil også gjere det vanskelegare å omsetje ulovleg fanga fisk i alle ledd av kjeda, særleg inn mot dei godt betalande marknadane.

Dette er berre to av fleire tiltak i kampen mot det uregulerte og ulovlege fisket. I åra som kjem må innsatsen intensiverast, og fleire kystnasjonar må trekkjast tettare inn i samarbeidet for å sikra endå betre resultat.

I dag skriv så mykje som 15 prosent av den samla fangstverdien i verda seg frå ulovleg eller uregulerte fiskeri.

Berre gjennom eit breitt internasjonalt samarbeid er det råd å stanse denne rovdrifta på ressursane. Fiskeripiratane opererer på tvers av alle grenser i ein global marknad.

Då må også mottiltaka vere grenseoverskridande.

Norge er ein av nasjonane som har kome lengst i kampen mot fiskerikriminalitet.

Dette gir oss særlege føresetnader til å stå i front i kampen mot dei kriminelle, og vi bør ha ambisjon om å vere førande i kampen mot dei ulovlege fiskeria.