Sjølv om det er snakk om ei mindre endring, så er det grunn til å glede seg over retninga utviklinga har. Vi må likevel halde fram med å vere utolmodige.

Delen elevar som fullførte vidaregåande opplæring med oppnådd studie- eller yrkeskompetanse innan fem år er i dag på 73 prosent. Det er over tre prosentpoeng meir enn for elevar som tok til på skulegangen fem år tidlegare.

Både Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane ligg over gjennomsnittet i gjennomføringsgrad. Saman med Akershus har Sogn og Fjordane den høgste i landet, med 79 prosent som har fullført vidaregåande skule etter fem år.

Fråfallet i vidaregåande skule er eit stort samfunnsproblem. Dei siste par tiåra har det vore brukt milliardsummar på å snu trenden. Prosjekt som «Ny GIV» og «Program for betre gjennomføring i vidaregåande opplæring» er gjennomført, men utan dei store resultata.

På eit tidspunkt var det nær ein av tre som stod utan eksamenspapir eller fagbrev etter fem år. For dei dette gjeld kan problema bli store. Mange vil få vanskar i arbeidsmarknaden, både med å kome i jobb og med å ha god jobbtryggleik.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Kompetansekrava gjer at arbeidsgivarar helst vil ha folk med fagbrev eller ei fagutdanning i faste stillingar. Størst er dessverre problemet i yrkesfagleg utdanning. Det er heldigvis også her vi ser den største betringa, men framleis er det altfor mange – nær fire av ti, som ikkje fullfører på fem år.

Dette er tal vi ikkje kan slå oss til ro med. Prisen er for høg både for mange av dei som droppar ut og for samfunnet. Kunnskap og kompetanse blir stadig meir viktig. Det gjer at risikoen ved å stå utan fullført utdanning også veks.

Samtidig er det klart at det ikkje finst enkle løysingar. Årsakene til skulefråfallet er mange og samansette, og skriv seg tilbake til alt frå sosial bakgrunn til innhaldet og forma på undervisning gjennom heile skuleløpet. Tiltaka må difor også vere mange og samansette, og vi må vere villige til å setje inn nok ressursar lenge nok for å sjå gode resultat.