Laurdag fortalde Sunnmørsposten historia om ekteparet Marie (91) og Einar (93) Ertresvåg i Ålesund som har vore gift i 62 år, og som ikkje lenger får bu saman. Dei har ulike omsorgsbehov, og derfor bur Marie på sjukeheim i Hatlane, medan Einar har plass i Volsdalen bukollektiv. Deira høgste ønskje er å tilbringe den siste fasen av livet saman, og det er eit ønskje som må oppfyllast. Med litt fleksibilitet og omtanke bør det vere mogleg å finne ei løysing.

Helseminister Bent Høie uttalte til NRK tidlegare i år at det ikkje er nødvendig å lovregulere sunn fornuft. Han kommenterte ei sak om eit par i Arendal, med 69 års ekteskap bak seg, som ikkje fekk bu saman på sjukeheim. Helseministeren meinte dei fleste forstod at eldre som har budd saman heile livet og som har eit sterkt ønskje å få bu saman, må få høve til det. Men historia til Marie og Einar viser at den sunne fornufta ikkje alltid fungerer i praksis. Derfor er det behov for klarare retningsliner på dette området.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

Det som er avgjerande er viljen til å vere løysingsorientert. I enkelte tilfelle er det nok med ei ekstra seng på sjukeheimsrommet. Å få vere saman med ektefelle kan skape tryggleik og ro som gjer at den demente klarer seg betre. Det er positivt for alle partar. Ved planlegging av nye sjukeheimar bør ein ta omsyn til at det kan vere behov for ulike butilbod. Fleire kommunar har gjort som Oslo, og innført sambuargaranti for eldre pleietrengande. Det bør Ålesund og andre sunnmørskommunar også gjere.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!