Det er ikkje tilfeldig at Haram er reisemål for Trygve Slagsvold Vedum fire dagar etter at Stortinget vedtok å innlemme Haram i Ålesund med tvang.

Senterpartiet har eitt knallsterkt kort på handa denne valkampen. Kamp mot sentralisering og motstand mot regjeringa sine store reformer trumfar alt.

Det er omtrent det einaste Vedum kjem til å snakke om fram til valet.

I Haram kjem han til dekka bord. Med ein senterpartiordførar som faneberar for motstanden mot tvang, kjem han til ein kommune som både vil klare seg sjølv, er i vekst og alltid har skikka sitt bu betre enn dei fleste i alle år.

Meldinga hans klar: Kjem Senterpartiet i regjering, blir dette ingenting av.

For kommunane som har fått tvangsvedtak mot seg, er dette ein invitasjon til setje seg på hendene og ikkje gjere det slag.

I eit valår, der Senterpartiet fossar fram på sin reform-motstand og dei blå-blå må klore seg fast i statsrådskontora, blir viljen til å ta tak i samanslåinga nærast ikkje-eksisterande.

Det vil prege både framdrift og kvalitet på dei prosessane som no skal i gang. Kommunereforma har allereie tatt mykje energi og merksemd i kommunane, og det er grenser for kor mykje energi ein kan leggje ned i det vidare arbeidet om ein omkamp er det einaste som blinkar i det fjerne.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

I tilfellet Haram vil det også måtte prege prosessen for dei kommunane som trass alt har gjort vedtak frivillig om å slutte seg saman i ei ny Ålesund kommune. Også dei må leggje inn eit kvileskjer medan dei ventar på ei endeleg avklaring.

Først etter valet får vi vite kva lagnad Haram og dei andre tvangssamanslåtte kommunane får. Om det blir regjeringsskifte, er det viktig at denne avklaringa kjem raskt. For dei kommunane som trass alt ynskjer å gå saman for å byggje ei sterkare eining, bør sleppe å stå i eit slikt kvileskjer lenge.

Kommunereforma er for viktig til at den i lang tid skal verte hemma av omkampar. No må vi bruke tida på å finne gode løysingar til korleis dei nye kommunane skal organiserast, så får nye kommunesamanslåingar kome etter kvart.