Strynefjellsvegen er tilbake i Nasjonal Transportplan. Ein skal sjølvsagt ikkje overvurdere betydninga av at prosjektet er med som ein merknad, men det er likevel svært gledeleg at dette vart resultatet av handsaminga i Stortinget.

Eit prosjekt som er heilt ute av NTP har ein langt høgre terskel å klyve over ved neste rullering enn eit som er innanfor døra. Det ville vore heilt uleveleg for Nordvestlandet om prosjektet hadde vorte skubba heilt ut i tåkeheimen.

Riksveg 15 over Strynefjellet mellom Stryn og Grotli er eit svært viktig samband mellom aust og vest, både Sunnmøre og Nordfjord. Sidan vegen vart opna i 1977 har den hatt stor betydning for verdiskaping og utvikling av regionen. Det må vi sørge for at den framleis får.

Både standard og tilstand er altfor dårleg. Delar av vegen er rasfarleg, både sommar og vinter. Tunnelane er smale og gamaldagse, og ikkje dimensjonerte for å kunne ta møtande vogntog på normalt vis. Fleire transportselskap unngår å bruke vegen på grunn av den dårlege standarden.

Det er på høg tid med ny tunnel og oppgradering av vegane. Ein arm til Geiranger som gir heilårsveg dit vil også vere svært viktig for utvikling av reiselivet i heile regionen, inkludert kommunar i Nordfjord og Oppland. Dette bør næringslivet i regionen og eit samla politisk miljø stille seg bak.

Det er svært skuffande at Sogn og Fjordane har møtt prosjektet med ei kald skulder. Her har fylkespolitikarane i Møre og Romsdal fått nesten null støtte. Når det gjeld armen til Geiranger har dei tvert imot fått motstand.

Politikarane sør for fylkesgrensa har valt å leggje arbeidet for RV15 heilt daudt i frykt for at det skulle gå ut over Hemsedal som framtidig stamveg. Det er igjen eit uheldig døme på korleis ei fylkesgrense blir eit hinder for utvikling. Det tener ingen på, heller ikkje dei som bor langt frå grensa.