Norsk oppdrettsnæring set nye eksportrekordar, og tar eit stadig fastare grep om si betydning for norsk økonomi. Oppdrettsnæringa dreg det aller tyngste lasset, drive fram av rekordhøge lakseprisar. Den medaljen har også ei bakside.

Først og fremst er det likevel imponerande at laks stod for over 31 milliardar av ein samla eksportverdi på litt over 46 milliardar i første halvår. Det er ein verdiauke på heile 13 prosent, samstundes som volumet er det same som i fjor.

Slike mengder oppdrettsfisk var det få som såg for seg då pionerane næringa hadde sine første gjennombrot på 1970-talet. Frå å vere ei attåtnæring på bygdene har dette blitt ein stor industri som skaper store ringverknadar i tilliggande næringar langs heile kysten.

Ein ting er arbeidsplassar som er skapte gjennom oppdrett av fisk, slakting, produksjon og eksport. I tillegg kjem direkte tilknytte næringar som produksjon av fôr, utstyrsindustri som leverer anlegg og maskiner til både oppdrettsanlegg og landbasert foredlingsindustri.

Framleis kan næringa bidra endå meir til nasjonal verdiskapinga. Ein viktig føresetnad for at dette skal skje, er at dei store miljøutfordringane blir løyst. Lokalsamfunna som gir frå seg sjøareal til oppdrett, må også få meir att for det.

Samstundes er det grunn til å åtvare mot den risikoen som ligg i at dagens høge lakseprisar ein dag kan vere historie. Vi må vakte oss for å gjenta dei feila med overinvesteringar som vi har sett i den heitaste oljebonanzaen.

Trass i slike utfordringar er det viktig at vi ser kva enorme mogelegheiter vi framleis har i ei næring der Norge så langt har store konkurransefortrinn. Vi må løyse utfordringane med å ta tak i dei, ikkje med å setje utviklinga i revers.

«Blue Fish» i Ålesund: Inviterer næringa til messe i «fiskerihovedstaden»