100.000 frå Afrika. Italia ber tynt om hjelp for å ta unna afrikanske migrantar som har kome over Middelhavet frå Libya. 85.000 migrantar har kome så langt i år. Det er ein auke på 28 prosent frå i fjor.

2000 migrantar har drukna under overfarten.

Libysk kystvakt og lokale fiskarar har stansa meir enn 10.000 migrantar som dei har sendt i retur til Libya. Der er dei handelsvare mellom menneskesmuglarane.

70 prosent av dei som kjem over Middelhavet er ikkje flyktningar. Dei er ikkje i fare der dei kjem frå, anna enn at dei er fattige og manglar det meste.

Statistikken fortel at dei fleste kjem frå Bangladesh, Nigeria og Elfenbenskysten.

Internasjonale studiar har vist at der det er mogeleg vil emigrasjonen auke heilt til levestandarden når eit nivå som er langt over det som er standard i Afrika i dag. Også i den indre marknaden i EU/EØS har vi sett ei folkeflytting frå fattigare til rikare land.

Det er ei naturleg drivkraft i dei fleste av oss.

Må setje grenser

Det seier seg sjølv at Europa kan ikkje ta imot slike mengder av migrantar som no kjem. Italia er snart i kneståande under vekta av migrasjonsstraumen, og det er kanskje forståeleg at mange EU-land vegrar seg mot å ta imot migrantar som dei etter internasjonal rett ikkje har plikt på seg til å ta imot.

Arbeidsløysa i EU er høg nok som ho er.

I liten grad er det lenger snakk om ei flyktningkrise. No er det regelrett snakk om forsøk på innvandring til rikare kår.

EU drøfter korleis ein skal kunne snu straumen. Det er fleire EU-land som no er skeptiske til den opne arbeidsmarknaden, og retten til fritt å kunne flytte seg over landegrensene. Det vil nok bygge seg opp fleire nasjonale grensegjerde om det ikkje blir gjort noko med straumen over Middelhavet. Norge som ligg lengst unna, er heldig i så måte.

I første halvår kom det berre 2.380 asylsøkjarar hit til landet. Det lågaste talet sidan 1990-åra. Så godt som alle dei 30.000 asylsøkjarane som kom i 2015 er ferdig vurderte av UDI. Litt over halvparten har fått bli.

Dagens situasjon tilseier nok at flyktning- og asylpolitikk neppe blir det viktigaste temaet i valkampen i haust, men det kan sjølvsagt skje at Tyrkia bryt avtalen med EU og opnar opp flyktningruter over Balkan.

Migrantbølgja over Middelhavet kan berre løysast på den afrikanske sida, og det viktigaste er å stanse alle dei kriminelle menneskesmuglarane. Så lenge kaos eksisterer i Libya, og det ikkje finst ei fungerande statsmakt, er det vanskeleg å sjå for seg ei løysing. EU arbeider med å få etablere mottakssentera i Egypt og Tunis, der migrantar kan søkje om asyl i europeiske land dei ønskjer å reise til.

Sidan 70 prosent av dei som kryssar havet no, ikkje har rett på asylstatus, vil nok storparten som kjem til slike mottakssentera få avslag, men menneskesmuglarane vil i alle fall misse mykje av makta si.

Ein gordisk knute

Immigrasjonsproblemet over Middelhavet er blitt ein gordisk knute for europeiske politikarar, og det er sannsynleg at den berre kan løysast gjennom felleseuropeiske tiltak i Afrika.

Det handlar om utviklingshjelp for å skaffe arbeidsplassar og gi utdanning til fleire, men det må også stillast krav til afrikansk eigeninnsats.

Det som var ei flyktning- og asylsøkjarkrise er no blitt ei migrantkrise, der 70 prosent av dei som kjem ikkje har krav på opphald.