Når «Polarstar» kjem til Brandal i slutten av august representerer det ein milepæl i selfangsthistoria. Den nyrestaurerte skuta er sjølve symbolet på norsk selfangst, som igjen er ein viktig del av den fiske- og fangsttradisjonen som har vore grunnsteinen i utviklinga av vår eigen region.

«Polarstar» blei bygd i Glasgow i Skottland i 1949. Den har blant anna vore tenestefartøy for Sysselmannen på Svalbard og har hatt oppdrag for Norsk Polarinstitutt og Store Norske. Men den har hatt si heimehamn på Brandal og blei drifta av Karlsen-reiarlaget.

26. august kjem båten heim og blir ein del av miljøet rundt selfangstmuseet i bygda.

Men også Riksantikvaren har spela ei viktig rolle i restaureringa av «Polarstar». Nesset har sjølv peika på rolla som Riksantikvaren har hatt for å få dette gjennomført. Ikkje berre i form av tilskot, men også med å utvise skjønn og fleksibilitet for å få dette til. Det er svært viktig at vernestyresmaktene ser viktigheita av å ta vare på den maritime historia. «Polarstar» er i så måte eit nøkkelfartøy for at komande generasjonar skal skjøne betydninga av både selfangstnæringa og Noregs posisjon i nordområda.

Forfattar frå Brandal: Romandebut om selfangst

Det er ikkje til å stikke under stol at det har vore strid rundt restaureringa av «Polarstar». Ikkje alle tilknytt ishavsmiljøet trudde Nesset ville komme i mål med dette prosjektet. Mange var også skeptiske til at han flytta den ærverdige skuta til eit verft i Polen. Men når vi no ser resultatet er det berre å gratulere med vel utført jobb. Eit viktig kulturminne for selfangstnæringa og for heile Sunnmøre er snart tilbake der det høyrer heime. I selfangstmiljøet på Brandal.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!